Anatolij Demjanenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anatolij Demjanenko


Verkeleg namn Анатопій Васильович Дем'яненко, Anatolij Vasylvoitsj Demjanenko
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 19. februar 1959 (64 år)
Dnipro
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1990, VM i fotball 1986, VM i fotball 1982, EM i fotball 1988

Utmerkingar

Master of Sport of the USSR, International Class, 3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden, 2. klasse av Ordenen for fortjenester, 1. klasse av Ordenen for fortjenester, Idrettens mester i Sovjetunionen

Anatolij Vasyljovitsj Demjanenko (fødd 19. februar 1959 i Dnipro) er ein sovjet-ukrainsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Dnepropetrovsk. Forsvarssspelaren var i maneg sesongar lagkaptein i Dynamo Kiev, ein klubb han vann cupvinnarcupen 1986 og over ti nasjonale trofe med. I 1988 spelte han EM-finale for Sovjetunionen mot Nederland.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Demjanenko spelte i 1978 på Dnepr Dnepropetrovsk. Frå 1979 til -90 var han aktiv i Dynamo Kiev. Her var han i mange sesongar ein sentral spelar, mellom anna då Dynamo i mai 1986 for andre gong triumferte i cupvinnarcupen og slo spanske Atlético Madrid 3-0 i finalen i Lyon. Heime i Sovjetunionen vart han seriemeister fem gongar og cupmeister fire gongar med laget frå Kiev.

Etter eit mellomspel i FC Magdeburg og polske Widzew Łódź var Demjanenko i 1992/93 tilbake for ein siste sesong med Dynamo Kiev.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Demjanenko spelte 80 landskampar for Sovjetunionen over knappe ni år i tida 1981-90. Han var med i fyrsteellevaren under Fotball-VM 1982 og EM 1988, spelte tre kampar i Mexico-VM 1986 og ein einaste under verdsmeisterskapen i Italia 1990, hans siste landskamp. Høgdepunktet med landslaget kom under europameisterskapen 1988 i Vest-Tyskland der det var siger 2-0 over Italia i semifinalen og tap med same siffera mot Nederland i finalen. Demjanenko skåra seks i alt landslagsmål, mellom anna i debuten. Han var kaptein i 18 kampar, fordelt på to periodar i 1986-87 og 1988-90.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv: 1988 for Sovjetunionen
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1986 med Dynamo Kiev
  • Sovjetisk seriemeister: 1980, 1981, 1985, 1986, 1990 med Dynamo Kiev
  • Sovjetisk cupmeister: 1982, 1985, 1987, 1990 med Dynamo Kiev
  • Ukrainsk seriemeister: 1993 med Dynamo Kiev
  • Ukrainsk cupmeister: 1993 med Dynamo Kiev

Kjelder[endre | endre wikiteksten]