Andebumål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Andebumål er dialekten som blir tala i tidlegare Andebu kommune. Andebumålet er ein vikværsk dialekt, med typiske trekk som kløyvd infinitiv og -ær, -æne-bøying av hankjønnsord i fleirtal.

I dag er andebumålet under sterkt press frå dei større austlandsmåla rundt Oslo (via kystbyane i Vestfold), som dei fleste andre dialektane på Austlandet.

I perioden frå 1900 til 1945 blei landsmål nytta av nokre personar frå kommunen, av di at landsmålet var nærare den gamle dialekten i området, det var au eit vedtak i kommunestyret på dette.

Detaljar om andebumål[endre | endre wikiteksten]

Det er til dels store lokale forskjellar, men det botnar som oftast i kor mykje dialekten er påverka av bymåla rundt (da særs av dialektane i Tønsberg og Sandefjord). Her blir trekk frå det klassiske målet tatt fram:

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Substantiv: Full bøying i tre kjønn.

Hankjønn 1: -, -en, -ær, -æne (bil, bilen, bilær, bilæne)
Hankjønn 2: -, -n, -, -nnæ (sko, skon, sko, skonnæ)
Hankjønn 3: -, -en, -er, -ene (gris, grisen, griser, grisene)
Hokjønn 1: -, -æ, -er, -ene (jente, jentæ, jenter, jentene)
Hokjønn 2: -, -æ, -ær, -æne (to, toæ, teær, teæne) (tå)
Inkjekjønn 1: -, -e, -, -æ (bol, bole, bol, bolæ) (materialer)
Inkjekjønn 2: -, -e, -er, -ene (bol, bole, boler, bolene) (kjøkkenbord)

Verb: Kløyvd infinitiv
Bøying av verb:
-, -ær, -æ, -æ, -æ (tute, tutær, tutæ, har tutæ)
vokalveksling (finne, finner, fant, har finni)
vokalveksling (bryte, bryter, braut, har bryti, bryti)
vokalveksling/-de (gravæ, graver, grov/gravde, har gravi/gravd)

Enkelte rester av dativ i faste uttrykk: «i Skrubbåsæ» (i Skrubbåsen)

Uttale[endre | endre wikiteksten]

  • Diftongen 'ei' i gamalnorsk er bevart i nokre ord: døme: veit, bein, i andre ord er den forenkla til 'i': him (heim), ski (skei)
  • Diftongen 'au' har anten blitt bevart: ause, lau (lauv) eller der det i gn. var kort diftong gått over til 'ø': høst (haust), øst (aust).
  • 'l' blir mange stader (etter historisk 'l') uttala som 'tjukk l': fæl, selæ (sele)
  • 'g' blir uttala 'j' i utlyd: ælj (elg), tørj (torg), børj (borg)
  • 'a' blir uttala 'æ' i utlyd: jentæ (jenta), bæræ (bera), værræ (vera)
  • Gamalnorsk 'hv' har blitt til 'gv': gvass (kvass), gvine (kvine)
  • Gamalnorsk 'fn' har blitt til 'mn': hamn, famne
  • 'r' før 'l' er stum: Kal (Karl)
  • Gamalnorsk 'rð' blir uttala som 'tjukk l': gål (gard), jol (jord)
  • Gamanorsk 'ki' blir uttala 'kje': krykkjer, ikkje
  • Gamalnorsk 'á' blir somme gonger uttala 'o' (oftast i samansettingar): Svartoæ (elva Svartåa), to (tå)
  • Gamalnorsk 'rn' blir ofte uttala 'nn': dæn hænne (denne her), dæn tænne (den der)
  • Gamalnorsk 'rst' blir oftest uttala 'sst': fysst (fyrst)
  • 'e' uttalast oftast 'e' som i 'ser' i mange ord: her, der, ske (skal)

Ordtilfang[endre | endre wikiteksten]

I populære idear om dialektar står ordtilfanget sentralt. Det finst førestillingar om at andebumålet har ord som ikkje er i bruk andre stader, men det er i svært liten – om i det heile nokon – grad tilfelle. Slike førestillingar byggjer ofte på samanlikningar med ordtilfanget i bokmål, og alle avvik frå bokmål, som blir oppfatta som det «normale» og «nøytrale», blir oppfatta som noko særeige og lokalt.

Orda nytta i det gamle målet ber tydeleg preg av å vera eit fagspråk. Så og seie alle i kommunen jobba tidlegare i primærnæringane, dvs. jord- og skogbruk. Det er mange ord som i dag er ukjende av di at dei beskriv detaljar på utstyr nytta i desse næringane. Desse orda kjem opphavleg frå gamalnorsk, men fordi dette språket var ukjent for dei fleste blei orda sett på som spesielle for Andebu og nabobygdene. Sjølv om orda kanskje kunne finnast att i dialektar i Telemark, Østfold og i nynorsk. Tilfeldige ord kjem frå tysk og engelsk.

Døme på ord[endre | endre wikiteksten]

  • akæ (1. flytte på seg. 2. køyre. 3. raske på. 4. lide sakte: «de' akær uttover høsten»)
  • bjønn (bjørn)
  • dra (bøyast: dra-drar-dro-drii)
  • ellmørrju (eldmørje, samling av glør)
  • fyrri (1. foran. 2. før)
  • gvile (kvile)
  • gværrvill (1. sommarfugl. 2. små samanraka høyflekkar)
  • hønn (horn)
  • ivju (evje)
  • kjørke (kyrkje)
  • laue sæ (bade «lauge»)
  • naue (ta skade)
  • omm (omn)
  • røyr (røyr)
  • seto (jordet nedanfor fjøset)
  • spurrning (gåte)
  • tra (jorde)
  • tuppe (høne)
  • tåppe (hane)
  • ul (hulder)
  • Vintergatæ (Mjølkevegen)
  • ægg (egg)
  • øllbågæ (olboge)
  • åkkle (okle)

Moderne andebumål[endre | endre wikiteksten]

Det typiske i dag er bøyinga av hankjønnsord i fleirtal (-ær, -æne), men den au er på vikande front. Men dette er ei aktiv form blant dei som nyttar henne, nyord av hankjønn får denne bøyinga, (CD-ær, bloggær)
Mange faste uttrykk med bevarte gamle former finst «de' går så de' gviner» (når noko går veldig fort).
Diftongen 'ei' er også til ein stor del bevart, diftongen 'au' har som oftast gått over til 'ævv'.
Tjukk l er bevart.
Tjukk l for tidlegare 'rð' er til dels bevart.
Tre kjønn er bevart.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Andebu bygdebok, kulturbindet, red. av dr. philos. Arne Gallis
  • Vestfoldmål: Ord og vendinger fra Andebu, av Ole Bråvoll (red. av Odd Gallis)