Anders Gløersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Gløersen
Anders Gloeersen Cross-Country World Cup 2012 Quebec.jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1986
Oslo
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Anders Nøstdahl Gløersen (fødd 22. mai 1986) er ein norsk langrennar frå Oslo som under Ski-VM 2015 vann gullmedalje for Noreg i 4 x 10 km stafett og ein bronsemedalje på 15 km. Han er medlem av Rustad Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I tida frå desember 2007 til desember 2014 vann Gløersen fem renn i verdscupen, dei fire fyrste i sprint og den siste på 15 km. Han vart noregsmeister på 15 km i 2015. Gløersen vart nummer fire i sprintøvinga under Vinter-OL 2014.

Gløersen vart nummer tre på 15 km under verdsmeisterskapen på ski i Falun i 2015, 1,4 sekund bak sølvvinnar Maurice Manificat frå Frankrike, svenske Johan Olsson vart verdsmeister. Den 27. februar gjekk han ein framifrå tredjeetappe på Noregs lag i 4 x 10 km stafett, ein etappe som gav ankermann Petter Northug sjansen til å avgjere stafetten med sine unike spurteigenskapar. Dei to andre på vinnarlaget var Niklas Dyrhaug og Didrik Tønseth.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]