Maurice Manificat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maurice Manificat
Maurice Manificat (Prague 2010) (cropped).jpg
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 4. april 1986
Sallanches
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar
Maurice Manificat

Maurice Manificat (fødd 4. april 1986) er ein fransk langrennar frå Sallanches i Frankrike som vann sølvmedaljen på 15 km under Ski-VM 2015. Elles har han sikra seg tre bronsemedaljar i 4 x 10 km stafett og ein bronsemedalje i sprintstafett, høvesvis i OL 2014, VM 2015 og OL 2018 .

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Manificat tok steget opp i verdseliten då han vart tredjemann i 15 km fristil ved eit verdscuprenn i Davos 12. desember 2009. Under dei olympiske leikane 2010 i Vancouver kom han på sjetteplass i same øvinga. Den 6. mars 2010 gjekk Manificat inn til siger på tremila i Lahti, hans fyrste triumf i eit verdscuprenn. Vel to veker etter, vann han ein 15 km lang etappe i verdscupen i Falun. Både i 2011- og 2012-sesongen kleiv Manificat på sigerspallen etter fleire verdscuprenn, utan å kome til topps på pallen. Det gjorde han derimot 16. desember 2012, då han vann 30 km i Canmore. Temmeleg nøyaktig eitt år seinare, den 14. desember 2012, sigra han også på ei tremil i fristil i Davos.

Ved Vinter-OL 2014 i Sotsji gjekk Manificat den andre etappen for det franske laget som tok bronse på 4 x 10 km stafett. Under verdsmeisterskapen 2015 i Falun vann Manificat sølvmedaljen i 15 km fristil, einast Johan Olsson frå arrangørlandet Sverige gjekk fortare. I same meisterskapen kopierte Manificat og lagkameratane OL-prestasjonen i 4 x 10 km stafett og vann ein ny bronsemedalje. Gjennom 2016-sesongen sanka Manificat heile seks pallplassringar. Han vann då 15 km fristil i tsjekkiske Nové Město na Moravě i slutten av januar månad, og var best i ein 15 km lang etappe i verdscupen i Canmore i midten av mars. Tidleg i januar 2017 fekk han bestetid på den 9 km lange avslutingsetappen i Tour de ski.

Den 11. november 2017 var Manificat bestemann i ein 15 km lang verdscup-etappe i finske Ruka. Ein månad seinare, 10. desember 2017, vann han 15 km fristil i Davos, hans hittil siste triumf i eit verdscuprenn. Under dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang i 2018 vann Manificat to bronsemedaljar, fyrst i 4 x 10 km stafett og så i lagsprint i fristil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]