Niklas Dyrhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Niklas Dyrhaug
Niklas Dyrhaug 04.jpg
Fødd 6. juli 1987
Trondheim
Yrke langrennsløpar
Niklas Dyrhaug på Commons

Niklas Dyrhaug (fødd 6. juli 1987) er ein norsk langrennsløpar frå Tydal som vann VM-gull i 4 x 10 km stafett under Ski-VM 2015. Han er medlem av Tydal Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dyrhaug debuterte i verdscupen i langrenn på Beitostølen 21. november 2009. Han oppnådde si fyrste inndividuelle pallplassering i verdscupen då han vart nummer tre i verdscupfinalen 2012, ei tevling som inkluderte fire renn, og som vart arrangert i Stockholm og Falun frå 14. til 18. mars 2012. Tidlegare i same sesongen var han med på Noregs vinnarlag i 4 x 10 km stafett i eit verdscuprenn i Nove Mesto i Tsjekkia.

Sesongen 2015 tok Dyrhaug si fyrste NM-medalje då han vart nummer to på 30 km, bak Petter Northug, under NM på Røros. Under Ski-VM 2015 i Falun gjekk han fyrste etappe for Noregs lag som vart verdsmeistrar i 4 x 10 km stafett. Med seg på laget hadde han Didrik Tønseth, Anders Gløersen og ankermann Petter Northug.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]