Didrik Tønseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Didrik Tønseth
Didrik Tønseth Bratsberg 2018.jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mai 1991
Noreg
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Didrik Tønseth (fødd 10. mai 1991) er ein norsk langrennsløpar som har vunne to VM-gull i 4 x 10 km stafett og eitt i same øvinga under Vinter-OL 2018. Han er medlem av Byåsen Idrettslag i Trondheim.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tønseth var i 2010 med på det norske firemannslaget som vann stafetten under junior-VM i austerrikske Hinterarzten. I verdscupen markerte han seg fyrste gongen i franske La Clusaz ei helg i januar 2013, fyrst med ein fjerdeplass i den individuelle tevlinga, dagen etter imponerte han med ein framifrå etappe for det norske laget som vann stafettevlinga over 4 x 10 km. Han fekk sin fyrste individuelle pallplass i verdscupen då han 7. desember 2013 på Lillehammer vart nummer tre på 15 km. Vel eit år seinare, midt i desember 2014, kunne han klive opp på andreplassen etter 15 km i Davos, einast landsmannen Martin Sundby gjekk fortare.

Vinteren 2013 fekk Tønseth sølvmedaljen på 30 km under NM i Stokke i Vestfold, to år seinare tok han bronsemedaljen på same distansen då NM fann stad på Røros.

Tønseth var med i OL-troppen til Sotsji i 2014, utan å få gå eit renn. Under Ski-VM 2015 i Falun kom han i mål til fjerdeplass på 30 km og vart dermed beste nordmann. Seinare i meisterskapen gjekk han andreetappen for Noregs vinnarlag i 4 x 10 km stafett. Dei andre på laget var Niklas Dyrhaug, Anders Gløersen og ankermannen Petter Northug.

I 2017 vart Tønseth nummer fem på 15 km klassisk og nummer seks på 30 km då Ski-VM 2017 fann stad i Lahti. Sidan i meisterskapen gjekk han den fyrste etappen for Noreg i 4 x 10 km stafett, ei tevling som enda med norsk siger framom Russland, dei andre på laget var Niklas Dyrhaug, Martin Sundby og Finn Hågen Krogh.

Også under dei olympiske vinterleikane 2018 fekk Tønseth gå opningsetappen for Noreg på stafetten. Her veksla han 18 sekundar bak teten, noko som vart til 32 sekundar etter Sundby gjekk ein svak andreetappe. Gode etappeløp av Simen Krüger og Johannes Klæbo syrgde likevel for norsk triumf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]