Anders Todal
- Sjå òg «Anders Todal Jenssen» og «Per Anders Todal».
Anders Todal | |
![]() | |
Fødd | 18. mars 1883 Todalen |
---|---|
Død | 6. mars 1956 (72 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar, bonde, lærar, arkivar, lokalhistorikar |
Alle verv |
|
Anders Arnson Todal (fødd 18. mars 1883 i Valsøyfjord i Møre og Romsdal, død 6. mars 1956) var ein norsk skuledirektør, Venstre-politikar, mållagsleiar og gardbrukar.
Han var elev ved ulike lærarkurs i norsk, pedagogikk og gymnastikk, og elev ved Nordmøre amtsskule (1900–1901), før han tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1904. Han arbeidde som lærar i Åsen frå 1905 til 1933, og ved Skogn folkehøgskole i 1915–1916. Han var klokkar i Åsen kyrkje frå 1918, og kjøpte garden Vatn i Åsen frå svigerfaren i 1930. Todal var konstituert skuledirektør i Nidaros bispedømme frå 1933 til 1942 og 1945 til 1953. Han var styremedlem i Norsk Lærarlag frå 1917 til 1933, styremedlem i Noregs Ungdomslag frå 1917 til 1921 og formann i Noregs Mållag frå 1932 til 1936.
Todal var medlem av Åsen heradsstyre frå 1910 til 1945. Han var varaordførar i kommunen i perioden 1913–1919 og ordførar i periodane 1919–1922 og 1925–1931. Han var formann i Nord-Trøndelag Venstrelag i åra 1931–1945. Todal var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag frå 1931 til 1933, og der var han medlem av Stortingets kyrkje- og skulekomité.
Under den andre verdskrigen vart Todal arrestert 9. oktober 1942, og sat fengsla på Misjonshotellet i Trondheim fram til 13. oktober, i Lofjorden i Åsen fram til 11. november, på Vollan 12.–19. november, og på Falstad 20. november 1942–22. februar 1943.
Anders Todal vart tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Anders Todal» i Allkunne, innhenta 18. desember 2009.
- Biografisk informasjon om Anders Todal NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1883
- Døde i 1956
- Leiarar av Noregs Mållag
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar 1931-1933
- Ordførarar i Åsen
- Venstreordførarar i Nord-Trøndelag
- Kongens fortenestmedalje i gull
- Norske embets- og tenestefolk
- Norske pedagogar
- Folk frå Halsa
- Målfolk