Andesdoradito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andesdoradito
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Andesdoradito
Utbreiinga av Andesdoradito
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraorden: Tyrannida
Familie: Tyrannfamilien Tyrannidae
Slekt: Doraditoar Pseudocolopteryx
Art: Andesdoradito P. acutipennis
Vitskapleg namn
Pseudocolopteryx acutipennis

Andesdoradito (Pseudocolopteryx acutipennis) er ein sporvefugl i tyrannfamilien som lever i Sør-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste andre doraditoar er denne arten ca. 11 centimeter i kroppslengd med vekt på opptil 10 gram. Fjørdrakta har ei einsfarga olivengrøn overside og ei klår gul underside frå strupen til undergumpen. Hos vaksne individ er nebbet svart og beina mørke. Hofuglar skil seg berre marginalt frå hannar i fjørdrakt.[1]

Utbreiingsområdet er ikkje samanhengande, men ein finn arten i sentrale Andes i både Colombia og Ecuador, dessutan langs Andes frå nordlege Peru til nordlege Argentina, dessutan i mindre og isolerte område i Argentina og Paraguay.[1] I Ecuador lever han mellom ca. 2400 moh. til 3500 moh.[2] Sørlege populasjonar kan trekke utanom hekketida til lågare område aust for Andes i søraustre Peru, Bolivia, Paraguay og Argentina. Hekketida er frå desember til april.[1]

Andesdoraditoar har habitat i takrøyrvegetasjon, våte grasmarker og tilstøytande område med låg, tett vegetasjon. Her lever dei av insekt som dei plukkar frå grasblad. Dei kan beite einskildvis eller i familiegrupper.[1]

Den globale populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bostwick, K. & Kirwan, G.M. (2018) Subtropical Doradito (Pseudocolopteryx acutipennis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. september 2018
  2. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Pseudocolopteryx acutipennis[daud lenkje]. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. september 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Andesdoradito