Andreas Zingerle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Zingerle
Statsborgarskap Italia
Fødd 25. november 1961 (62 år)
Rasen-Antholz
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1984, biathlon at the 1988 Winter Olympics – relay

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste

Andreas Zingerle (fødd 25. november 1961) er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Antholz. Han vart verdsmeister på 20 km under VM 1993 i Borovets i Bulgaria, og tok elles to VM-gull i stafett; 1990 og 1993.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zingerle opplevde eit førebels høgdepunkt under Vinter-OL 1988 i Calgary, der han fekk ein bronse med Italia sitt lag på 4 x 7,5 km stafett. To år seinare vann Italia VM-stafetten med Zingerle, Wilfried Pallhuber, Pieralberto Carrara og Johann Passler på laget. Dei same fire skiskyttarane gjentok bragda under VM i skiskyting 1993, ein meisterskap der Zingerle toppa karrieren med å verte verdsmeister på 20 km.

I sin beste sesong i verdscupen i skiskyting, 1990/91, kom Zingerle samanlagt på tredjeplass. Han la opp i 1995.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar