Hopp til innhald

Angélique Kidjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angélique Kidjo

Fødd14. juli 1960 (64 år)
FødestadOuidah
FødenamnAngélique Kpasseloko Hinto Hounsinou Kandjo Manta Zogbin Kidjo
AliasCarmen Kidjo
OpphavBenin, Frankrike
Aktiv1982–
Sjangerjazz, zouk, gospel, latinamerikansk musikk, verdsmusikk
Instrumentvokal
PlateselskapIsland Records
Verka somsongar, komponist, jazzsanger, skribent, koreograf, skodespelar, songar-låtskrivar, plateartist
MorYvonne Kidjo
Gift medJean Hébrail
BornNaïma Hebrail Kidjo
PrisarChampions of the Earth, Ambassador of Conscience Award, OkayAfrica 100 Women, kommandør av Benins nasjonalorden, Danish Music Awards, MOBO Awards, Grammy Award for Best Global Music Album, Grammy Award for Best Global Music Album, Grammy Award for Best Global Music Album, Grammy Award for Best Global Music Album, Kora Awards, All Africa Music Award for Best African Contemporary, All Africa Music Award for Best Female Artiste in Western Africa, 100 Women, offiser av Æreslegionen, Crystal Award, Africa Movie Academy Award for Best Actress in a Supporting Role, Officier des Arts et des Lettres, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, médaille de la Ville de Paris, Time 100, æresdoktor ved Berklee College of Music, Polar Music Prize, æresdoktor ved Université catholique de Louvain, offiser av den luxemburgske Fortjenstordenen

Angélique Kidjo (fødd 14. juli 1960) er ein songar frå Benin med tilhald i Frankrike. Musikkstilen hennar er klart vestafrikansk, men inneheld òg mange element frå amerikanske og europeiske tradisjonar. Ho vert rekna som ein av dei store representantane for verdsmusikk, world music.

Kidjo kjem frå Ouidah i Benin. Ho voks opp med musikk, mora dreiv ei teatergruppe og let dottera opptre første gong då ho var seks. I tillegg til tradisjonell beninsk musikk høyrde ho òg brasiliansk musikk innført av innflyttarar frå Bahia. Ho høyrde òg på utanlandske artistar som Jimi Hendrix, Carlos Santana, Miriam Makeba, James Brown, Fela Kuti, Beatles og Aretha Franklin. Sjølv om det var uvanleg for kvinner i Benin å opptre offentleg som songarar, blei Kidjo ei av desse før ho var fylt tjue.

Politisk uro i heimlandet førte til at ho flytta til Paris i 1983. Ho var bakgrunnsvokalist i jazzbandet Pili Pili før ho starta si eiga musikkgruppe. Mot slutten av 1980-talet var ho blitt ein av dei best likte opptredande musikarane i byen. Fleire fengjande utgjevingar førte til at ho blei verdskjend, og ho har etter kvart samarbeida med kjende musikarar som Carlos Santana, Kelly Price, Branford Marsalis, Robbie Nevil og Cassandra Wilson.

Kidjo bruker både tradisjonelle songteknikkar frå Benin og jazzteknikkar som vocalese. Ho syng på alle dei fire språka ho snakkar, fon, joruba, fransk og engelsk. I tillegg bruker ho tulleord som høyrest vakre eller fengjande ut i nokre av songane sine.

Angélique Kidjo er gift med Jean Hebrail, ein bassist og komponist som er med på skapinga av albuma hennar.

  • Pretty (gjeve ut i Benin)
  • Parakou, 1990
  • Logozo, 1991
  • Aye, 1994
  • Wombo Lombo, 1996
  • Fifa, 1996
  • Keep On Moving: The Best Of Angelique Kidjo, 2001
  • Black Ivory Soul, 2002
  • Oyaya!, 2004
  • Djin Djin, 2007
  • Õÿö, 2010
  • Spirit Rising, 2012
  • Eve, 2014
  • Sings with the Orchestre Philharmonique du Luxembourg, 2015
  • Remain in Light, 2018