Anita Márton
Anita Márton | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 15. januar 1989 (35 år) Szeged |
Idrett | friidrett |
Tok del i | friidrett under Sommer-OL 2020 – kulestøt kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Kulestøt damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Kulestøt kvinner |
Anita Márton (fødd 15. januar 1989) er ein ungarsk friidrettsutøvar frå Szeged som vann kulestøyt ved innandørs-EM 2015 og 2017, samt innandørs-VM 2018. Ved dei store internasjonale meisterskapane utandørs har ho vunne sølv i VM 2017 og EM 2016, bronse i OL 2016 og EM 2014.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Márton fekk bronsemedaljen i kulestøyt då ho ved EM 2014 i Zürich gjorde personbeste med 19,04 m. Tidleg våren 2015 vann ho øvinga ved innandørs-EM 2015 i Praha med eit støyt på 19,23 m. Under verdsmeisterskapen i Beijing fem månader etter forbetra Márton sitt personbeste til 19,48 meter og vart nummer fem.
Ved EM 2016 tok ho sølvmedaljen, trass i moderate 18,72 m. To månader seinare presterte Márton sitt livs beste kulestøyt i finalen under Sommar-OL 2016, kula landa på 19,87 meter og gav henne bronsemedaljen. I mars 2017 forsvarte ho meistertittelen i innandørs-EM i [[]], med 19,28 m nådde ho nærare meteren lenger enn nummer to. Under London-EM same året sikra Márton seg sølvmedaljen med eit støyt på 19,49 m. Ved hall-VM 2018 i Birmingham støytte Márton 19,62 m og sigra framom sterke utøvarar som Danniel Thomas-Dodd frå Jamaica og Gong Lijiao frå Kina.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (16,80 m=nr 24)
- EM 2010 i Barcelona: Nr 11 – 17,78 m
- VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (17,04 m=nr 22)
- EM 2012 i Helsinki: Nr 7 – 17,93 m
- OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (17,48=nr 23)
- VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (17,32=nr 20)
- EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 19,04 m
- VM 2015 i Beijing: Nr 5 – 19,48 m
- EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 18,72 m, bakom Christina Schwanitz (20,17 m)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 19,87 m
- VM 2017 i London: Sølvmedalje – 19,49 m, bakom Gong Lijiao (19,94 m)
- VM 2019 i Doha: Nr 5 – 18,86 m
- OL i 2021 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (17,59=nr 21)
- VM 2023 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (17,85=nr 20)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anita Márton» frå Wikipedia på tysk, den 4. oktober 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Anita Márton» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1989
- Ungarske kulestøytarar
- Europameistrar i friidrett for Ungarn
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ungarn
- Ungarske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Ungarske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Ungarske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020