Anna Pjatykh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Pjatykh


Statsborgarskap Russland
Fødd 4. april 1981 (43 år)
Moskva
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Anna Viktorovna Pjatykh (fødd 4. april 1981) er ein russisk tidlegare tresteghoppar frå Moskva. Ho tok VM-bronsen i øvinga i 2005 og 2009, og EM-bronsen i 2006. I 2016 vart ho frådømd bronsemedaljen ho vart tildelt i Berlin-VM 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pjatykh kom på fjerdeplassen i tresteg-tevlinga under verdsmeisterskapen 2003 i Paris/Saint-Denis. To år seinare kleiv ho opp på sigerspallen då VM 2005 fann stad i Helsinki, der ho vann bronsemedaljen etter eit bestehopp på 14,78 meter, einast Trecia Smith frå Jamaica og Yargelis Savigne frå Cuba hoppa lengre. I 2006 vann Pjatykh ein ny bronsemedalje ved europameisterskapen i Göteborg, etter å ha prestert sitt livs lengste tresteghopp på 15,02 meter. Landskvinna Tatjana Lebedeva vann tevlinga med 15,15 m, greske Khrysopigi Devetzi tok sølv med 15,05 m.

Pjatykh vart nummer fire i Osaka-VM 2007 og nummer tre i Berlin-VM 2009, grunna doping vart begge desse medaljeplasseringane underkjende i 2016.

Pjatykh var russisk meister i tresteghopp i åra frå 2004 til 2007.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I desember 2016 dømde Den internasjonale sportsdomstolen (CAS) alle hennar plasseringar frå og med VM 2007 for ugyldige, etter at retesta dopingprøver viste at ho hadde brukt det anabole steroidet Turinabol for å forbetre prestasjonane sine.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]