Anne Karin Hamre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Karin Hamre
Fødd 1965
Yrke statsvitar
Verv Fylkesmann i Sogn og Fjordane
Periode 2011-2018
Føregangar Oddvar Flæte
I Statens Hus på Hermansverk i Leikanger kommune heldt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til.

Anne Karin Hamre (fødd 1965) er ekspedisjonssjef i regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ho var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 2011 til 2018. Då Hamre vart utnemnd til fylkesmann var ho den fyrste kvinna i denne stillinga i Sogn og Fjordane og den yngste fylkesmannen i landet. Ho vart også den siste fylkesmannen i Sogn og Fjordane, ettersom embetet vart endra til Fylkesmannen i Vestland frå 2019.[1]

Anne Karin Hamre er frå Leikanger, men er no busett i nabobygda Sogndal. Ho har cand. polit. frå Universitetet i Bergen og hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap, sosiologi grunnfag og bedriftsøkonomutdanning frå Handelshøgskulen BI.

Hamre har jobba innanfor ulike medieverksemder (avisa Sogn og Fjordane, Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane), og ved Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho vart tilsett hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 1998 og har jobba som rådgjevar, administrasjonssjef og assisterande fylkesmann.

I samband med hundreårsjubileet for kvinneleg stemmerett vart Anne Karin Hamre portrettert i ei kvinneutstilling der dagens kvinnemakt i fylket vart illustrert ved dei tre kvinnene som hadde maktposisjonane fylkesmann, fylkesordførar (Åshild Kjelsnes) og varafylkesordførar (Jenny Følling). Tittelen på utstillinga var Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]