Anne Marie Ottersen
Anne Marie Ottersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. april 1945 (79 år) Kongsberg kommune |
Yrke | skodespelar, manusforfattar |
Ektefelle | Lasse Lindtner |
Anne Marie Ottersen Lindtner (fødd 29. april 1945) er ein norsk skodespelar frå Kongsberg.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Ottersen voks opp på Kongsberg. Etter examen artium og eitt år som lærar, starta ho å studera ved Statens teaterhøgskole i 1966. Frå 1968 - 69 var ho elev ved Oslo Nye Teater, der ho debuterte som skodespelar. I 1970 vart ho tilsett ved Nationaltheatret. Ho har i tillegg vore innom både Fjernsynsteatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene, men har hatt Nationaltheatret som sin faste arbeidsplass. Ho har også hatt fleire roller i Radioteatret, m.a. som Fru Alving i Gengangere av Ibsen.
Ho filmdebuterte i 1969 i Psychedelica Blues av Nils-Reinhardt Christensen. Seinare spelte ho leiande roller i Voldtekt (1971) og som Mie i dei tre Hustruer-filmane av Anja Breien. I dei seinare åra hugsar mange Anne Marie Ottersen i rolla som Pia i Fredrikssons fabrikk, Eva Holm i Holms, Amalie i Amalies jul og Wenche i Bot og bedring.
Anne Marie Ottersen var styremedlem i Norsk Skuespillerforbund 1984–85 og hatt ei rekkje verv på Nationaltheatret. I 1997 var ho programleiar for underhaldningsprogrammet Colosseum på TV Norge saman med Stein Johnsen. Ottesen deltok også i Skal vi danse i 2010.
Ottersen har vore gift med skodespelaren Lasse Lindtner sidan 1990.
Heider
[endre | endre wikiteksten]- 1985: Blå Fugl-prisen til Radioteatret
- 1986: Amandaprisen for Beste kvinnelege hovudrolle i Hustruer - ti år etter
Rolleliste (utval)
[endre | endre wikiteksten]Film og fjernsyn
[endre | endre wikiteksten]- 1969: Psychedelica Blues (Film)
- 1971: Voldtekt (Film)
- 1972: Fleksnes fataliteter (Film)
- 1975: Hustruer (film)
- 1979: Ingen roser...takk (Film)
- 1984: Lars i porten (Film)
- 1985: Hustruer - ti år etter (Film)
- 1990: Fredrikssons fabrikk (Fjernsynsserie)
- 1995: Hustruer 3 (Film)
- 1995: Amalies jul (Fjernsynsserie)
- 1996: Bot og bedring (Fjernsynsserie)
- 2002: Sejer - djevelen holder lyset (Fjernsynsserie)
- 2002: Holms (Fjernsynsserie)
- 2005: Import eksport (Film)
- 2011: Arme riddere (Film)
Teater
[endre | endre wikiteksten]- Polly Peachum i Tolvskillingsoperaen (Bertolt Brecht)
- Stella Kowalski i En sporvogn til begjær (Tennessee Williams)
- Maggie i Katt på hett blikktak Tennessee Williams
- Fru Quickly i De lystige koner i Windsor (Shakespeare)
- Martha i Hvem er redd for Virginia Woolf? (Edward Albees)
- Magdelone i Erasmus Montanus (Ludvig Holberg)
- Bestemor Skogmus i Dyrene i Hakkebakkeskogen (Thorbjørn Egner)
- Tante Sofie i Folk og røvere i Kardemomme By (Thorbjørn Egner)
- Antigone (Sofokles)
- Gwendolen Fairfax i Hvem er Ernest? (Oscar Wilde)
- Bianca i Troll kan temmes (Shakespeare)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- NBL-artikkel om Anne Marie Ottersen, skriven av Lillian Fjæren Johnsen.
- «Anne_Marie_Ottersen» i Store norske leksikon, snl.no.
- Filmrollene er henta frå profilen på filmfront.no
- Profil hjå Nationaltheatret. Arkivert 2012-11-03 ved Wayback Machine.
- Bokmålswikipedia om Anne Marie Ottersen, henta inn 21. november 2011.