Arboretet og Botanisk hage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inngangsporten til Botanisk hage.

Arboretet og Botanisk hage er ein del av Universitetsmuseet i Bergen og ligg på Milde sørvest i Bergen kommune, vest for Mildevegen/Skipanesvegen. Arealet er på om lag 70 mål.

Arboretet er ei systematisert samling av norske og framande tre og buskar dyrka som skog eller i plantefelt for å nyttast i forsking og undervisning, og for å prøve ut framande vekstar i vestlandsklimaet. I Botanisk hage er det hovudsakleg urter, og samlingane er delt inn i ulike avdelingar.

Botanisk hage, som opphavleg vart oppdyrka kring museumsbygningane på Nygårdshøyden i Bergen sentrum, vart innvigd 21. august 1996; då var utstillingshagen på Solåkeren klar, og den første utstillinga av sommarblomar stod på sitt vakraste. Nokre murar var reiste, og smijernsporten var på plass. I tillegg var det blitt opparbeidd ein parkeringsplass og planta litt rundt denne.

Løksamlinga i Nytteveksthagen.
Inngangspartiet til Japanhagen i Botanisk hage på Milde i Bergen.

Solåkeren har fått ei stor peonutstilling, ei samling kultivarar av slekter i kaprifolfamilien og oljetrefamilien, og ei samling av narsissar. Dessutan er det i utstillingshagen ei mengd eittårige sommarblomar.

Fjellhagen vart innvigd i 2001, og Fægris vannvisjon i 2005. I 2007 vart det sett ned eit tuntre ved hovudinngangen som ei start på temahagane som skal kome der. Nytteveksthagen i området over fjellhagen er eit spennande område med gamle og nye nytte-og kulturvekstar.

Japanhagen er teikna og utforma av den kjente japanske landskapsarkitekten Haruto Kobayashi. Den vart innvigd 20. mai 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]