Arild Monsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild Monsen
Fødd 5. april 1962
Molde
Yrke langrennsløpar

Arild Monsen, (fødd 5. april 1962), er ein tidlegare norsk langrennar, og no til dags langrennstrenar. Under VM 1985 i Seefeld vart han verdsmeister i 4x10 km stafett (saman med Pål Gunnar Mikkelsplass, Tor Håkon Holte og Ove Aunli). I same meisterskapen vart han nr 7 på 15-kilometeren. Han kom aldri på sigerspallen i verdscuprenn, tre gonger enda han på fjerdeplass. Han vart norgesmeister ein gong (1987). Monsen var på det norske landslaget i perioden 1982–1990. Han er oppvaksen i Molde.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1982: Nr 11 på 15 km i Le Brassus.
  • 1983: Nr 4 både i Sarajevo og i Lahti, begge renna på 15 km.
  • 1984: Nr 8 på 15 km i Lahti. Nr 2 på 15 km i Holmenkollen (ikkje verdscup).
  • 1984/5: Nr 4 på 30 km i Davos. Nr 2 på 50 km i Holmenkollen (ikkje verdscup).
  • 1986: Nr 11 på 30 km i La Bresse.
  • 1987: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1982: Nr 7 på 15 km på Raufoss.
  • 1983: Nr 6 på 15 km på Lillehammer.
  • 1984: Nr 12 på 15 km i Hof.
  • 1985: Nr 12 på 15 km i Tromsø.
  • 1986: Nr 4 på 30 km i Vang.
  • 1987: Gullmedalje på 15 km i Steinkjer.
  • 1989: Nr 7 på 15 km på Geilo.

Idrettsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Monsen arbeidde i smørjeteamet til det norske langrennslandslaget frå 1993 til 1997. Frå 1997 til 2006 var han internasjonal teknisk delegat til verdscuprenn i langrenn. Sidan 2006 har han vore langrennstrenar, først to år for Team Trøndelag. I april 2008 vart han tilsett som trenar for Canadas langrennslandslag.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar