Jaap Stam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaap Stam
Jaap Stam met fan cropped.jpg
Fødd 17. juli 1972
Kampen

Jakob Stam (fødd 17. juli 1972), kjend som Jaap Stam, er ein nederlandsk tidlegare fotballsspelar frå Kampen i Overijssel. Han vann meisterligaen 1999 med engelske Manchester United, og tre rake ligatitlar; 1999, 2000, 2001, og FA-cupen 1999 med same klubben. I 1997 vart han nederlandsk seriemeister med PSV Eindhoven og i 2004 italiensk cupmeister med SS Lazio.

Midtstopparen Stam deltok i 67 landskampar for Nederland i tida 1996-2004 og skåra tre landslagsmål. Han var i 1998 med på VM-laget som enda på fjerdeplass i fotball-VM i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]