Armenitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Armenitt er eit fargelaust til kvit rombisk mineral som først vart funne i Armen gruveKongsberg. Armenitt er eit vasshaldig silikat av aluminium, kalsium og barium BaCa2Al6Si9O30•2H2O. Mineralet finst ofte saman med mineral som axinitt-(Fe), pyrrhotitt, kvarts, kalsitt og epidot.

Orginalprøven vart samla i 1887 av cand.min. O.A. Corneliussen. Han skreiv «Epidot?» på etiketten. Seinare fann Henrich Neumann prøva i Naturhistorisk museum i samlingane til Universitetet i Oslo og skildra det som eit nytt mineral i 1939. Mineralet er seinare rapportert frå fleire utanlandske førekomstar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Neumann, H. (1939): Armenite, a new mineral. Preliminary note. Norsk Geologisk Tidskrift. 19, 21-22 Neumann, H. (1941): Armenite, a water-bearing barium-kalsium-alumo-silicate. Norsk Geologisk Tidskrift. 21, 19-24