Arnt Håkon Ånesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnt Håkon Ånesen
Fødd20. januar 1977 (47 år)
FødestadBodø
OpphavNoreg
Verka somkomponist

Arnt Håkon Ånesen (fødd 20. januar 1977 i Bodø) er ein norsk komponist, oppvaksen i Fauske. Han er lektor i komposisjon,[1] medlem i Norsk komponistforening og i Ny Musikks Komponistgruppe.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arnt Håkon Ånesen har drive med musikk og komposisjon sidan barndommen. Frå 1998 til 2008 studerte han ved Norges Musikkhøgskole under Bjørn Kruse, Olav Anton Thommessen og Lasse Thoresen. Ånesen fordjupa seg i instrumentet tuba, før det begynte å, i fylgje han sjølv, «freista å spela på fleire instrument». På musikkhøgskulen mottok han stipend frå TONO, Komponistenes Vederlagsfond og Statens Kunstfagstipend, og investerte noko av pengane på studiereise til Australia. Ånesen tok diplomeksamen frå musikkhøgskulen i 2008.

Prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Arnt Håkon Ånesen har samarbeidd mykje med biletkunstnaren Hilde Aagaard. Dei to har hatt kunstprosjekt saman i både Tokyo, Lillehammer, Aten, Gjendin i Jotunheimen samt Melbourne.

I 2007 starta Ånesen eit samarbeid med trioen Artetriol. Trioen og Ånesen laga ei førestilling dei kalla «In Progress», som vart framført i Sverige og på austlandsområdet.

I mai 2011 laga Ånesen konsertmusikk av syngjande selhannar; storkobbar som han høyrde på Ny-ÅlesundSvalbard. Verket med selane fekk namnet «- 273,15°C» og vart framført i Tromsø.[2]

Ånesen har gjeve ut 3 elektroakustiske album på digitale internettkanalar. Til dagleg underviser han i komposisjon på Edvard Munch vidaregåande skule, og jobbar med eit nytt digitalt læreverk i NRK.

Nokre framføringar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]