Storkobbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storkobbe
Storkobbe
Storkobbe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av storkobbe
Utbreiinga av storkobbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Erignathus
Art: Storkobbe E. barbatus
Vitskapleg namn
Erignathus barbatus

Storkobbe eller blåsel (Erignathus barbatus) er ein sel som lever i arktiske og subarktiske strøk, sørover til norskekysten. Storkobben er den største av dei ekte selane på den nordlege halvkula. Hannane kan bli 2,5 meter og vega 300 kilo, medan hoene blir litt større. Dei kan bli 20-25 år gamle. Ungane blir fødd på isen og kan symja etter nokon få timar. Dei finn maten sin hovudsakleg på eller nær havbotnen, og lever difor helst på relativt grunt vatn, på kontinentalsokkelen. Det vert driven fangst av storkobbe av urfolk i arktiske strøk, denne fangsten utgjer om lag 500-1000 dyr i året på Grønland. Sovjetunionen dreiv kommersiell fangst av storkobbe, men denne tok slutt i 1975. Dei naturlege fiendane til storkobben er isbjørn, spekkhoggar, kvalross og håkjerring.[1] Folk som har avlagt jegerprøve og storviltprøve kan jakta på storkobbe på Svalbard utanom naturreservat i jakktida.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Sysselmannen på Svalbard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Storkobbe