Hopp til innhald

Asgeir Dølplads

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asgeir Dølplads
StatsborgarskapNoreg
Fødd26. august 1932
Død 26. september 2023 (91 år)
Idrettskihopping, fotball

Asgeir Dølplads (26. august 193226. september 2023) var ein norsk skihoppar og frisør, fødd og død på Rena i Hedmark.

Den 1. januar 1953 vart Dølplads i Garmisch-Partenkirchen den første vinnaren av eit renn i den tysk-austerrikske hoppveka. Med hopp på 78,5 og 81 meter vann han framom austerrikaren Sepp Bradl og tyskaren Toni Brutscher. Deretter vart han nummer tre i Oberstdorf og nummer to i Innsbruck. Samanlagt vart han nummer tre i den fyrste hoppveka, bak vinnaren Sepp Bradl og landsmannen Halvor Næs. I 1956 tevla Dølplads om NM-gullet med Arne Hoel og Kjell Kopstad. Dølplads vart nummer tre, Hoel vann. I sine beste år som idrettsmann representerte Dølplads Stabæk IF.

Besteplasseringar i internasjonale renn

[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Dølplads var svigerfar til komikaren Atle Antonsen.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar