Sepp Bradl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sepp Bradl
Josef Bradl.JPG
Sepp Bradl i 1939
Fødd 8. januar 1918
Wasserburg am Inn
Død

3. mars 1982
Mühlbach am Hochkönig

Sepp Bradl på Commons

Josef Bradl, best kjend som Sepp Bradl, (8. januar 19183. mars 1982) var ein tysk-austerriksk skihoppar, kombinertløpar, alpinist og skihopptrenar. Han er særleg kjend som hoppar. Bradl vart verdsmeister i 1939, og var den fyrste som hoppa over 100 meter på ski. I 1953 vann han den fyrste tysk-austerrikske hoppveka. Bradl representerte SC Bischofshofen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bradl var fødd i Wasserburg am Inn i Bayern, men voks opp i Mühlbach am Hochkönig i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Den 15. mars 1936 vart han det fyrste mennesket som hoppa over 100 meter i ein skibakke. Det hende i den nyreiste hoppbakken Bloudkova i Planica i dåverande Jugoslavia. Bradl landa på 101,5 meter. To år seinare forbetra han sin eigen verdsrekord til 107 meter.

Både i 1937 og 1938 deltok Bradl i verdsmeisterskapen på ski. I VM i Chamonix i 1937 vart han nummer fem i hopptevlinga, medan han i Lahti året etter enda på fjerdeplass i same øvinga.

Vinteren 1939 vann Bradl gullmedaljen i skihopping under verdsmeisterskapen i nordiske greiner. Meisterskapen fann stad i Zakopane, der Bradl enda opp med 224,7 poeng, eit halvt poeng meir enn sølvvinnaren, norske Birger Ruud, medan ein annan nordmann, Arnholdt Kongsgård, fekk bronsemedaljen. Same sesongen vart Bradl tysk meister i Oberhof, ein prestasjon han gjentok i 1941 i Spindlermühle.

Sepp Bradl vart austerriksk mester i spesielt hopp i 1938, 1941, 1947, 1948, 1951, 1952, 1953, 1954 og 1956, samt i kombinert i 1955. Han vart tysk meister i spesielt hopp i 1939 og 1941.

Bradl gjekk i 1953 til topps i den aller fyrste tysk-austerrikske hoppveka. Han vann rennet i Innsbruck, og vart nummer to i dei tre andre renna, som alle vart vunne av tre ulike nordmenn; Asgeir Dølplads, Erling Kroken og Halvor Næs. Bradl enda opp med 878,6 poeng, Halvor Næs vart nummer to samanlagt med 877,5 poeng. Sesongen etter vann Bradl hoppvekerennet i Bischofshofen den 6. januar 1954. I Ski-VM 1954 i Falun vart han nummer 10, og under Vinter-OL i Cortina d'Ampezzo i 1956 enda han som nummer 12.

Trenar og gjestgevar[endre | endre wikiteksten]

Seinare var Bradl trenar for det austerrikske landslaget i skihopping i mange år. Han dreiv elles sitt eige gjestehus i Mühlbach am Hochkönig til han døydde, 64 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]