Asteridar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asteridar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Klade: Asteridar asterids

Asteridar er ein klade av blomsterplanter som blei innført i det botaniske APG II-systemet. Han omfattar den omstrukturerte underklassen Asteridae og andre grupper. Asteridar og rosidar er dei to mest artsrike kladane av ekte tofrøbladingar. Den største gruppa innanfor asteridar er korgplantefamilien.

Heile gruppa er delt inn i to grunnleggjande hovudgrupper eller «underkladar» – Euasteridae I og Euasteridae II. Samtidig inneheld ho nokre planteordenar, som den store gruppa Ericales, som ikkje er tilordna nokre av desse to underkladane. I staden er ho klassifisert direkte under Asteridar-gruppa.

Nokre kjende plantar i denne plantegruppa er ask, aubergine, chilipepar, kaffi, paprika, te, tobakk, tomat, teak og sjasmin.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Gruppene og familiane som er vanlege i Norden er market med hovudnamn i normal skrift i lista under.[1][2] Hovudnamn i kursiv skrift viser ordenar eller familiar som berre veks utenfor Norden og som i 2007 ikkje var del av den nordiske floraen av korgplantar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannes Lid og Dagny Tande Lid, Reidar Evjen (red.), Norsk Flora, 7. utgåva, Det norske Samlaget, Oslo 2005. ISBN 978-82-521-6029-1.
  2. Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007). ISBN 978-82-05-32563-0.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]