At Last

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
At Last
Singel av Glenn Miller and his Orchestra
A-side (I've Got a Gal In) Kalamazoo
Utgjeve 1942
Sjanger pop
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Mack Gordon, Harry Warren

«At Last» er ein song skriven av Mack Gordon og Harry Warren for musikalfilmen Sun Valley Serenade (1941). Glenn Miller and his orchestra spelte inn melodien fleire gonger og ein versjon frå 1942 nådde andreplassen på den amerikanske Billboard pop-lista.

I 1960 spelte rhythm and blues-songaren Etta James inn eit arrangement av Riley Hampton som improviserte over melodien til Warren. Versjonen hennar var tittelsporet på debutalbumet At Last! (1960) og vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1999.[1] Celine Dion og Beyoncé har òg hatt suksess med songen.

Glenn Miller-utgåver[endre | endre wikiteksten]

Før Sun Valley Serenade kom ut, vart «At Last» framført i filmen av Glenn Miller and his orchestra, med vokal av John Payne og Lynn Bari, dubba av Pat Friday. Studiosjefen Darryl Zanuck skal visstnok ha sagt: «Det er for mange store i denne. La oss spare denne for den neste filmen.» Vokalen på «At Last» av Payne og Bari vart derfor sletta, sjølv om instrumentale versjonar var me di filmen, som i avslutningsscenen. Vokalversjonen vart med i filmen Orchestra Wives (1942), der Glenn Miller og orkesteret hans igjen spelte.

Ikkje utgjevne innspelingar av songen var blitt gjort av Glenn Miller i 1941. Ein ny versjon vart spelt inn av Glenn Miller and His Orchestra i Hollywood den 20. mai 1942, og kom ut på RCA Victor Records som ein 78-singel,[2] med A-sida «(I've Got a Gal In) Kalamazoo». Songen gjekk inn på den amerikanske Billboard pop-lista (kalla ««Songs with the Most Radio Plugs» på den tida) den 1. august 1942 på ein 17. plass,[3] og nådde andreplassen den 29. august 1942.[4] Han låg i alt 17 veker inne på lista,[5] og vart seinare ein standard.

Medverkande på studioinnspelinga frå 1942 var: Ray Eberle (vokal),[6] Billy May, John Best, Steve Lipkins, R.D. McMickle (trompet), Glenn Miller, Jim Priddy, Paul Tanner, Frank D'Annolfo (trombone), Lloyd «Skip» Martin, Wilbur Schwartz (klarinett, altsaksofon), Tex Beneke, Al Klink (tenorsaksofon), Ernie Caceres (barytonsaksofon), Chummy MacGregor (piano), Bobby Hackett (gitar), Edward «Doc» Goldberg (kontrabass) og Maurice Purtill (trommer).[7] The arrangement was by Jerry Gray og Bill Finegan.

Då RCA Victor gav ut to 10"-vinyl album med musikken frå Sun Valley Serenade[8] og Orchestra Wives[9] i 1954, vart eit anna opptak av «At Last» frå «Sun Valley Serenade» med p åalbumet, men versjonen i Orchestra Wives var ikkje med. Denne siste utgåva kom sidan ut på LP i 1958, på dobbelplata til 20th-Fox (TCF-100-2) kalla Compilation of His Original Film Soundtracks av Glenn Miller.

Utgjeving under krigen[endre | endre wikiteksten]

Studioinnspelinga frå 1942 på RCA Victor av «At Last» av Glenn Miller and his Orchestra med Ray Eberle på vokal kom ut som ein V-Disc eller Victory Disc for den amerikanske hæren under andre verdskrigen i oktober 1943. V-plater vart sende til amerikanske soldatar og militære utanlands.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«At Last» er blitt spelt inn av mange andre artistar. Den tidlegare trompetisten for Glenn Miller Orchestra, Ray Anthony, fekk den største hitten med songen i USA då han nådde andreplassen på poplista i 1952 og 20. plassen på Cashbox-lista.[10]

Ei innspeling av Gene Watson nådde 61. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista i 1991.[11]

I 2012 vart Christina Aguilera invitert av familien til Etta James for å syngje «At Last» i gravferda til James.[12] I gravferda fortalte Aguilera at James var idolet og inspirasjonen hennar, og for å ære James speler ho «At Last» på alle konsertane sine.[13][14]

Etta James-versjonen[endre | endre wikiteksten]

At Last
Singel av Etta James
frå albumet At Last!
B-side I Just Want to Make Love to You
Utgjeve 15. november 1960
Innspelt 1960
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 3:00
Selskap Argo
Låtskrivar(ar) Mack Gordon, Harry Warren
Produsent Phil Chess, Leonard Chess
Etta James-kronologi
«Spoonful»
(1960)
At Last «Don't Cry Baby»
(1961)


Songen vart signaturlåten til Etta James og var den tredje av ei rekkje suksessrike songar ho gav ut på debutalbumet sitt på Argo Records, At Last!. I april 1961 vart songen den andre andreplassen hennar på R&B-lista og han kryssa over til popradio og nådde 47. plassen på Billboard Hot 100. Trass i den smålåtne plasseringa på poplista er songen blitt godt kjend. James-versjonen nådde 30. plassen på Cashbox-lista.[15]

James-versjonen har lidenskapleg vokal og svøypande orkester og er ofte nytta i bryllaupsfeiringar.[16]

Etterein av dei andre singlane til James, «Something's Got a Hold on Me», vart sampla på to hitsinglar i 2011 (Avicii sin «Levels» og Flo Rida sin «Good Feeling»),[17] gjekk «At Last» inn på singellista i Storbritannia for første gongen og nådde 69. plassen. Då James døydde i 2012 klatra songen inn på topp 40.[18]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1961) Plassering
US Billboard Hot 100[19] 47
US Cash Box Top 100[20] 30
US Billboard Hot R&B Sides[21] 2
Liste (2011) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[22] 69
Liste (2012) Plassering
Australia (ARIA)[23] 72
Irland (IRMA)[24] 33
UK Singles (Official Charts Company)[18] 39

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[25] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[26] Platina 600 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Celine Dion-versjonen[endre | endre wikiteksten]

At Last
av Celine Dion
frå albumet A New Day Has Come
Utgjeve 9. desember 2002
Studio Studio Piccolo, Bananaboat
Sjanger pop, soul
Lengd 4:16
Selskap Columbia, Epic
Låtskrivar(ar) Mack Gordon, Harry Warren
Produsent Humberto Gatica, Guy Roche
Celine Dion-kronologi
«Goodbye's (The Saddest Word)»
(2002)
At Last «I Drove All Night»
(2003)


«At Last» vart spelt av Celine Dion og gjeven ut på det sjette engelskspråklege albumet hennar, A New Day Has Come (2002). Versjonen hennar vart produsert av Humberto Gatica og Guy Roche, og gjeven ut på singel i USA 9. desember 2002. Det vart ikkje laga musikkvideo for songen. Det var òg den siste singelen frå albumet.

«At Last» nådde 16. plassen på Adult Contemporary-lista. Eit konsertopptak av songen kom ut på A New Day... Live in Las Vegas i 2004, sidan Dion framførte songen dei fire åra A New Day...-showet hennar gjekk i Las Vegas. Ho har framført songen på fleire fjernsynsprogram.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2002–2003) Plassering
US Adult Contemporary (Billboard)[27] 16

Beyoncé-versjonen[endre | endre wikiteksten]

At Last
Singel av Beyoncé
frå albumet Cadillac Records: Music from the Motion Picture
Utgjeve 3. november 2008
Sjanger Soul blues
Lengd 2:58
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Mack Gordon, Harry Warren
Beyoncé-kronologi
«Single Ladies (Put a Ring on It)»
(2008)
At Last «Diva»
(2008)


«At Last» vart spelt inn av Beyoncé og gjeven ut på filmmusikkalbumet for filmen Cadillac Records (2008). I filmen speler Beyoncé Etta James, ei rolle ho fekk god kritikk for. Ho spelte «At Last» fleire gonger sidan filmen kom ut, mellom anna føre James.[28]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

Liste (2008) Plassering
Canadian Hot 100[29] 79
UK R&B Chart[30] 37
U.S. Billboard Hot 100[19] 67
U.S. Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs[21] 79
U.S. Billboard Jazz Songs[31] 9[32]

Årslister

Liste (2009) Plassering
U.S. Billboard Smooth Jazz Songs[33] 33

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grammy Hall of Fame Database». Replay.waybackmachine.org. 20. april 2009. Arkivert frå originalen 20. april 2009. Henta 2. desember 2011. 
  2. RCA Victor 27934-B
  3. «The Billboard Music Popularity Chart» (PDF). americanradiohistory.com. 1. august 1942. s. 22. Henta 14. juli 2021. 
  4. «The Billboard Music Popularity Chart» (PDF). americanradiohistory.com. 29. august 1942. s. 20. Henta 14. juli 2021. 
  5. «The Billboard Music Popularity Chart» (PDF). americanradiohistory.com. 21. november 1942. s. 24. Henta 14. juli 2021. 
  6. https://digital.library.unt.edu/ark:/67531/metadc1633237/m1/#track/4
  7. The Essential Glenn Miller. Recording Information, p. 33. BMG/RCA/Bluebird, 1995.
  8. RCA Victor LPT- 3064
  9. RCA Victor LPT-3065
  10. «Song artist 659 – Ray Anthony». Tsort.info. Henta 14. juli 2021. 
  11. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research. s. 360. ISBN 978-0-89820-203-8. 
  12. «Christina Aguilera Pays Tribute to Etta James». Henta 14. juli 2021. 
  13. «Etta James' Funeral: Christina Aguilera, Stevie Wonder Pay Tribute». Henta 14. juli 2021. 
  14. «Etta James' Funeral: Stevie Wonder, Christina Aguilera Sing». 31. januar 2012. Arkivert frå originalen 31. januar 2012. Henta 14. juli 2021. 
  15. «Cash Box Top 100 3/11/61». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 10. juli 2021. Henta 18. april 2019. 
  16. Chaney, Jen (20. januar 2012). «Etta James, Beyonce and the 'At Last' legacy». The Washington Post. 
  17. Hyman, Dan (24. januar 2012). «Flo Rida and Avicii Remember Etta James». Rolling Stone. Henta 18. april 2019. 
  18. 18,0 18,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  19. 19,0 19,1 «Billboard Hot 100». Billboard.com. Henta 14. juli 2021. 
  20. «Cash Box Top 100 3/11/61». cashboxmagazine.com. 11. mars 1961. Henta 14. juli 2021. 
  21. 21,0 21,1 «Hot R&B/Hip-Hop Songs». Billboard.com. Henta 2. desember 2011. 
  22. «Home». Polyhex.com. Henta 14. juli 2021. 
  23. "Australian-charts.com – Etta James – At Last". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  24. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
  25. «Italian single salstrofé – Etta James – At Last» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 9. januar 2015.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Etta James in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  26. «British single salstrofé – Etta James – At Last». British Phonographic Industry. Henta 12. april 2019.  Enter At Last in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  27. "Dion?f=341&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 14. juli 2021.
  28. Kaufman, Gil (5. februar 2009). «Beyoncé Slammed By Etta James For Singing 'At Last' At Inaugural Ball – Music, Celebrity, Artist News». MTV. Henta 2. desember 2011. 
  29. «At Last – Beyoncé». Billboard. Henta 5. april 2012. 
  30. «R&B Singles Top 40». Official Charts Company. Henta 18. september 2011. 
  31. «Beyoncé Album & Song Chart History». Billboard.com. Henta 2. desember 2011. 
  32. https://www.billboard.com/music/beyonce/chart-history/JSI
  33. «Top Smooth Jazz Songs – 2009 Year End Charts». Billboard. Henta 5. april 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]