Austersjømarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austersjømarihand


Dactylorhiza baltica 060629.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. baltica
(Klinge) H.Sund.
Økologi
Utbreiing: nordaust-Europa og Sibir

Austersjømarihand (Dactylorhiza majalis ssp. baltica) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Austersjømarihand høyrer til kongsmarihand-gruppa D. majalis.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]

Norske underartar av D. majalis i Noreg er smalmarihand (ssp. sphagnicola), lappmarihand (ssp. lapponica) og purpurmarihand (ssp. purpurella). Nominatunderarten (ssp. majalis) lever i Sverige og Danmark.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Austersjømarihand (svensk namn: «baltnycklar») blir rekna som sterkt truga (EN) i Sverige.[4] I Finland har underarten (finsk namn: «baltiankämmekkä») nokre få funnstader på sørkysten og blir der òg rekna som sterkt truga (EN).[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar austersjømarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre austersjømarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  3. Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén; m.fl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia. 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  4. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. baltica baltnycklar». Artdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  5. «LAJI: Dactylorhiza majalis subsp. baltica». LAJI.FI. Henta 23. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]