Smalmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Smalmarihand
Smalmarihand
Smalmarihand
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Orkidéfamilien Orchidaceae
Underfamilie: Orchidoideae
Stamme: Orchideae
Understamme: Orchidinae
Slekt: Dactylorhiza
Art: Smalmarihand D. traunsteineri
Vitskapleg namn
Dactylorhiza traunsteineri

Smalmarihand (Dactylorhiza traunsteineri) er ein plante i marihandfamilien (orkidéfamilien)

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blomstrande smalmarihand i Tyskland.

Planten er kring 20–40 cm.[1] Han har tynn, hol stengel og lange, smale blad, som regel med flekkete overside. Blomane er purpurraude med mørke teikningar, og sit i fåblomstra aks. Dei er nokså store og har ei leppe med tre flikar, der midtfliken er litt lenger enn sideflikane.[1]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Smalmarihand veks i kalkrike våtmarksområde. I Noreg er han påvist på Austlandet og Sørlandet. Han er rekna som sårbar på grunn av ein fortsetjande tilbakegang og fordi leveområda hans har vore og framleis er utsette for inngrep.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Grindeland, John Magne (22. mai 2019). «smalmarihånd». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Norsk rødliste for arter», artsdatabanken.no, henta 22. september 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Smalmarihand