Awaken av Yes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Awaken
Song av Yes
frå albumet Going for the One
Utgjeve 1977
Innspelt 1977
Sjanger Progressiv rock
Lengd 15:31
Selskap Atlantic Records
Komponist Steve Howe, Jon Anderson
Låtskrivar(ar) Jon Anderson/Steve Howe
Produsent Yes

«Awaken» er ein song skriven av Jon Anderson og Steve Howe frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve på albumet Going for the One frå 1977. Dette er den lengste songen på albumet med 15 minutt og 31 sekund, og blir rekna som det siste episke verket til Yes på 1970-talet.

Vokalist og medlåtskrivar Jon Anderson har gjeve uttrykk for at han synest denne songen er den beste til bandet: «Vi hadde ei hit-plate! Eg elska å høyre på «Awaken», endeleg hadde vi laga eit mesterverk.»[1]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Songen byrjar med eit pianostykke som minnar om orientalsk musikk, før det glir over i eit roleg parti med pedal-steelgitar og vokal, ofte kalla «High Vibration». Dette vert punktert av ein rask introduksjon av elektrisk gitar, som først går skalaer før tempoet aukar, og saman med trommer og bass går over i eit nytt orientalsk tema. Vokalen kjem etter kvart, nesten svevande på toppen av musikken.

Musikken blir gradvis meire overskugga av perkusjonsinstrument før dette temaet igjen vert punktert, no av ein staccato bass som fungerer som overgang til eit monotont og repeterande tema på harpe. Over dette vert det spelt ein solo på kyrkjeorgel, som etter kvart får med seg resten av instrumenta i det neste temaet som sakte bygger seg opp mot eit crescendo. Heilt til slutt kjem ein lengre versjon av temaet «High Vibration» og songen vert avslutta med ein enkel og kort jazz-liknande gitarsolo. Teksten er spirituell og kosmisk,[2] som så mange av tekstane til Jon Anderson.

Som fleire av songane til bandet, har denne ein særs kompleks harmonisk og rytmisk struktur, i tillegg til ein enigmatisk tekst som er open for tolkingar. I likskap med ein annan song frå Going for the One, «Parallels», spelar Rick Wakeman på kyrkjeorgel. I følgje opplysningane frå plateomslaget til ny-utgjevinga frå 2003, vart innspelingane av kyrkjeorgelet gjort i St. Martins kyrkje i Vevey i Sveits.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein tidleg versjon av opningsverset til songen vart framført under to konsertar i 1975 under tittelen «High Vibration».[3] Denne versjonen var kort, omkring eitt minutt lang, og vart brukt som introduksjon til songen «The Gates of Delirium» frå albumet Relayer. Denne versjonen vart framført med vokal av Jon Anderson, gitar av Steve Howe og mellotron av Patrick Moraz.

«Awaken» i si ferdige og kjende form vart spelt på samtlege av konsertane til bandet mellom utgjevinga i 1977 og til 1979, då Jon Anderson og Rick Wakeman forlet bandet. Songen kom ikkje tilbake før under Union-turneen i 1991. Seinare på 1990-talet og fram til 2004 vart songen jamleg framført under Yes-konsertane, siste gang 22. september 2004 i Monterrey.[4]

Offisielle konsertopptak av «Awaken» finst på:

Versjon på ny-utgjevinga frå 2003[endre | endre wikiteksten]

Ei innspeling av ein tidleg versjon av «Awaken» under arbeidstittelen «Eastern Number» finst som «bonus-spor» på ny-utgjevinga av albumet Going for the One frå 2003. Denne versjonen er ei innspeling av ei øving i studio, og inneheld dei fleste elementa frå den ferdige versjonen. Denne versjonen er 12 minutt og 16 sekund lang og manglar midtpartiet med harpe og kyrkjeorgel.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

På originalinnspelinga frå 1977 medverkar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]