Baby Let Me Take You Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baby Let Me Take You Home
Singel av The Animals
frå albumet The Animals
B-side «Gonna Send You Back to Walker»
Utgjeve Mars 1964 (UK), August 1964 (USA)
Lengd 2:26
Selskap Columbia (EMI) (UK)
MGM Records (USA)
Låtskrivar(ar) Wes Farrell
Bert Russell
Produsent Mickie Most
The Animals-kronologi
Baby Let Me Take You Home «The House of the Rising Sun»
(1964)


«Baby Let Me Take You Home» er ein song tilskriven Bert Russell (òg kjend som Bert Berns) og Wes Farrell, og var debutsingelen til The Animals i 1964. I Storbritannia nådde singelen 21. plass på singellista. I USA vart B-sida «Gonna Send You Back to Walker» (med tittelen «to Georgia»), gjeven ut men selde heller dårleg og nådde ein 57. plass på lista. Den amerikanske soulartisten Hoagy Lands hadde tidlegare spelt inn songen i 1964 som «Baby Let Me Hold Your Hand», gjeven ut på Atlantic 2217.

Songen er eit arrangement av Eric Von Schmidt si utgåve av «Baby, Let Me Follow You Down», som vart spelt inn av Bob Dylan på debutalbumet hans. Versjonen til The Animals opnar med i øyrefallande gitararpeggio, har ein midtseksjon med talte ord over eit orgelriff og avsluttar med ein oppjaga coda som går dobbelt så raskt. Resultatet hadde stor innverknad på Dylan då han gjekk frå folkemusikk til elektrisk musikk.

I 2006 byrja Eric Burdon frå The Animals, å spele songen i ein tyngre versjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]