Dave Rowberry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dave Rowberry
Verkeleg namn David Eric Rowberry
Fødd 4. juli 1940
Mapperley
Død

6. juni 2003 (62 år)
London Borough of Hackney

Instrument

orgel, piano

Sjanger rock and roll
Aktive år 1960-åra–2003
Yrke organist, komponist, pianist
Tilknytte artistar The Animals, Mike Cotton, Shut Up Frank
Plateselskap Mouse Records

David Eric «Dave» Rowberry (4. juli 19406. juni 2003) var ein engelsk pianist og organist som var best kjend som medlem av rock- og R&B-gruppa The Animals i 1960-åra.

Dave Rowberry vart med i The Mike Cotton Jazzmen (seinare The Mike Cotton Sound) i 1962, og spelte med dei fram til Alan Price brått slutta i The Animals i 1965.[1] Ifølgje songar Eric Burdon, så vart Rowberry, sjølv om han var ein dugande musikar, delvis valt inn i bandet fordi han hadde ein liknande utsjånad som Price.

Rowberry spelte på mange av dei store hittane til gruppa, som «We Gotta Get Out of This Place», «It's My Life», «Don't Bring Me Down», «Inside-Looking Out» og «See See Rider». På fleire av songane vart Rowberry tilskriven som arrangør. Han song òg korvokal på fleire av songane og var stundom med som låtskrivar.

Etter at The Animals vart oppløyste i 1966 vart Rowberry studiomusikar, mellom anna på The Kinks-albumet Everybody's in Show-Biz. Rowberry spelte òg på mange album av bluesartisten Dana Gillespie i 1980- og 1990-åra.

Rowberry døydde i London av magesårbløding den 6. juni 2003, 62 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 146. CN 5585. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]