Barry Jenkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barry Jenkins
Fødd22. desember 1944 (79 år)
FødestadLeicester
OpphavStorbritannia
Verka sommusikar, trommeslagar

Colin Ernest «Barry» Jenkins (fødd 22. desember 1944 i Leicester i England) er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar The Animals i 1960-åra.[1]

Han var med på å starte det britiske R&B-bandet The Nashville Teens i 1962. I 1964 hadde dei den første hitten sin med «Tobacco Road». I mars 1966 forlet den originale trommeslagaren i The Animals, John Steel, bandet, og Jenkins vart med bandet på albuma Animalism og Animalization, og hitsinglane «Don't Bring Me Down» og «See See Rider».

Då den første inkarnasjonen av The Animals vart oppløyst starta songaren Eric Burdon bandet Eric Burdon & The (New) Animals og tok berre med seg Jenkins frå den førre besetninga. I lag med studiomusikarar spelte dei inn albumet Eric Is Here. Jenkins euig i dag ein gitarbutikk i Ramsgate i England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Biography: Barry Jenkins». Allmusic. Henta 15. desember. 2011.