Monterey av The Animals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monterey
Singel av Eric Burdon & The Animals
B-side

«Ain't That So» (USA), «Anything» (UK)

Utgjeve November 1967 (USA)
Mai 1968 (UK)
Innspelt 1967
Sjanger Hardrock, progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 4:13
Selskap MGM
Låtskrivar(ar) Burdon, Briggs, Weider, Jenkins, McCulloch
Produsent Tom Wilson
Eric Burdon & The Animals-kronologi 
«Anything»
(1967)
Monterey «Sky Pilot»
(1968)


«Monterey» er ein song frå 1967 av Eric Burdon & The Animals, med musikk og tekst av bandet sjølv med Eric Burdon, John Weider, Vic Briggs, Danny McCulloch og Barry Jenkins. I 1968 vart det vist to forskjellige videoklipp av songen.

Bortsett frå songar Burdon og trommeslagar Jenkins, var bandet som spelte inn og gav ut «Monterey» eit heilt anna band enn det kjende The Animals frå miten av 60-åra. Burdon omvandla det nye bandet frå eit hardt bluesband til sin eigen versjon av psykedelia.

Songen «Monterey» var ei hyllest til Monterey Pop Festival i 1967, og vart ein av dei største hittane til bandet. Teksten skildrar mellom anna musikarane som spelte på festivalen som The Byrds, Jefferson Airplane, Ravi Shankar, The Who, Hugh Masakela, The Grateful Dead og Jimi Hendrix. Burdon siterte òg ei linje frå The Byrds-songen «Renaissance Fair» med linja «I think that maybe I'm Dreamin'».

Singelen nådde 15. plass i USA og 16. plass i Canada. Han vart ikkje ein hit i Storbritannia. Songen vart gjeven ut på det andre albumet til denne versjonen av bandet, The Twain Shall Meet, samt på den amerikanske samleplata frå 1969, The Greatest Hits of Eric Burdon and The Animals.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]