Back Stabbers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Back Stabbers
av The O'Jays
frå albumet Back Stabbers
B-side «Sunshine»
Utgjeve 1972
Sjanger R&B, Philly soul
Lengd 3:06
Selskap Philadelphia International
Låtskrivar(ar) Leon Huff, Gene McFadden, John Whitehead
Produsent Kenny Gamble, Leon Huff
The O'Jays-kronologi
«Looky Looky (Look at Me Girl)»
(1970)
Back Stabbers «992 Arguments»
(1972)


«Back Stabbers» er ein song frå 1972 av The O'Jays. Han vart gjeven ut på albumet med same namn og songen låg ei veke på toppen av Hot Soul Singles-lista i USA. Han vart òg ein suksess på poplista og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista i oktober 1972.[1] Forteljaren i «Back Stabbers» åtvarar menn om at dei mannlege «venene» som smiler til dei, men som i løyndom planlegg å stele kjærasten eller konene deira.[2] Han var òg inspirert av ein tidlegare hit med eit liknande tema, The Undisputed Truth sin «Smiling Faces Sometimes», og refrenget i denne vert sitert mot slutten av denne songen. Songen vart nytta i filmen Looking for Mr. Goodbar i 1977.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Back Stabbers
Singel av Tina Turner
frå albumet Love Explosion
Utgjeve 1979
Sjanger R&B, pop
Lengd 3:34
Selskap United Artists Records, EMI.
Låtskrivar(ar) Leon Huff, Gene McFadden, John Whitehead
Produsent Alec R. Costandinos
Tina Turner-kronologi
«Love Explosion»
(1979)
Back Stabbers «Music Keeps Me Dancin'»
(1979)


«Back Stabbers» var den andre singelen frå albumet Love Explosion av Tina Turner i 1979. Songen var i lag med to andre singlar frå Love Explosion, hovudsakleg i discostil og oversett av publikum både i Europa og USA.

«Back Stabbers» vart òg spelt av Stephen Cummings i 1983.

Debutalbumet til MFSB frå 1973 inneheldt ein lengre instrumentalversjon av «Back Stabbers».

«Wish I Didn't Miss You» av Angie Stone inneheld ein interpolert komposisjon av songen, i tillegg til samplingar frå songen.

R&B-gruppa TLC sampla songen på sporet «Case of the Fake People» frå albumet CrazySexyCool i 1994.

«Backstabbers» av Project Pat med Crucial Conflict er ein omgjort instrumental av songen, frå albumet Ghetty Green i 1999, produsert av DJ Paul & Juicy J frå Three 6 Mafia.

B.o.B aka Bobby Ray sampla «Back Stabbers» på songen hans med same namn på mixtapen Who the F#*k is B.o.B? (2008).

I 1987 spelte jazzfusion/contemporary jazz-gruppa The Rippingtons inn songen på albumet «Kilimanjaro."[3]

Rockegruppa Barkmarket spelte inn «Back Stabbers» i 1991 på albumet Vegas Throat.

I 2008 spelte Russell Watson inn songen på albumet 'People Get Ready'.

I 2011 spelte den britiske soulsongaren Seal songen på albumet Soul 2.

I 2014 vart songen spelt i Simpsons-episoden «Pay Pal».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Billboard Hot Soul Singles 1
UK 14

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Joel Whitburn presents top R & B/hip-hop singles, 1942-2004. Menomonee Falls, WI: Record Research. s. 438. ISBN 978-0-89820-160-4. 
  2. Ankeny, Jason. Back StabbersAllmusic. Henta 14. april 2016.
  3. Kohler, Paul. Back StabbersAllmusic. Henta Mal:Date.