Addicted to Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Addicted to Love
Singel av Robert Palmer
frå albumet Riptide
B-side

«Remember to Remember»

Utgjeve Januar 1986
Innspelt 1985
Sjanger
Lengd
  • 6:01 (album)
  • 4:04 (singel)
Selskap Island
Låtskrivar(ar) Robert Palmer
Produsent Bernard Edwards
Robert Palmer-kronologi 
«Riptide»
(1986)
Addicted to Love «Hyperactive»
(1986)


«Addicted to Love» er ein song av den engelske rockesongaren Robert Palmer frå 1986. Songen vart signaturlåten hans, delvis takka vere ein populær video med høge motemodellar.[1] Andre artistar har sidan gjeve ut versjonar av songen.

Han var den tredje songen på albumet Riptide. Versjonen som vart gjeven ut for radio, er kring fire minuttar lang, medan albumversjonen er litt over seks minuttar lang.

Songen gjekk inn på Billboard Hot 100-lista i februar 1986 og nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100-lista og Top Rock Tracks-lista. Det var ein av dei siste singlane gjevne ut på vinyl som selde ein million eksemplar i USA. Songen nådde òg toppen av singellista i Australia og femteplassen på UK Singles Chart.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var songen meint å vere ein duett med Chaka Khan, men songen vart spelt inn utan ho fordi plateselskapet hennar på den tida ikkje gav ho løyve til å arbeide med selskapet til Palmer, Island Records. Chaka Khan er likevel oppført for vokalarrangementet i plateomslaget.

Andy Taylor frå Duran Duran (og ein bandkollega av Palmer frå The Power Station) spelar sologitar. Andre gitarparti på songen vart spelt av Eddie Martinez[2] og klaverinstrument av Wally Badarou. Songen er kjend for trommeintroen, som har ein 7/4-takt. Resten av songen er i 4/4-takt.

Noddy Holder (frontmann og vokalist i Slade) sa i eit intervju at songen var ein song han ønskte han hadde skrive sjølv. «Den største songen eg ønskte at eg hadde skrive og spelt inn sjølv er 'Addicted to Love' av Robert Palmer. For meg er det ein perfekt popsong. Alt ved denne treff spikaren på hovudet.»[3]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Palmer framfører songen på konsert.

Musikkvideoen frå 1986 (som nyttar den kortare singelversjonen av songen) var regissert av den britiske fotografen Terence Donovan,[4] og var ein av dei mest ikoniske videoane frå denne tida. Videoen syner Palmer som framfører songen med eit abstrakt «band», som er ei gruppe med kvinnelege modellar med bleik hud, mykje sminke, mørkt hår og mannekeng-liknande uttrykk som liknar stilen til kvinnene i måleri av Patrick Nagel.

Den fem modellane i videoen er Julie Pankhurst (klaverinstrument), Patty Kelly (gitar), Mak Gilchrist (bassgitar) og Julia Bolino (gitar) og Kathy Davies (trommer).[5]

Mak Gilchrist sa til Q:

«Eg var 21 og fekk rolla på grunn av modellutsjånaden min. Me skulle sjå ut som og oppføre oss som mannekengar. Regissøren Terence Donovan fekk oss småfulle på ei flase vin, og då me skulle fikse sminka mista eg balansen på dei høge hælane mine og slo toppen av gitaren inn i bakhovudet på Robert, og andletet hans traff mikrofonen.»[6]

Palmer brukte «modellkonseptet» i videoen for videoane sine i tre andre songar: «I Didn't Mean to Turn You On» (òg frå Riptide), «Simply Irresistible» og den animerte «Change His Ways» (begge frå Heavy Nova).

VH1-programmet Pop-Up Video fortel at det vart leigd inn musikarar for å lære modellane grunnleggande fingerteknikar, men at dei «gav opp etter ein time og forsvann». Episoden påpeiker òg fleire koreografiske feil, som at modellane ikkje er i takt med kvarandre, og rører seg då rytmen stoppar, som under det andre refrenget.

Musikkvideoen vart rangert på tredjeplassen på VH1's Top 20 Videos of the 1980s og var både den første og den siste videoen som vart vist på det langvarige britiske musikkprogrammet The Chart Show.

Modellane vart òg nytta i ein parodi av videoen i «Weird Al» Yankovic-filmen UHF med briller og bart.

Musikkvideoen vart òg parodiert av Stardust i «Music Sounds Better with You» og av Shania Twain i «Man! I Feel Like a Woman!».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[7] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] 34
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[9] 29
Canada (CHUM)[10] 2
Canada Top Singles (RPM)[11] 4
Irland (IRMA)[12] 4
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[13] 34
Nederland (Mega Single Top 100)[14] 34
New Zealand (RIANZ)[15] 2
Sør-Afrika (Springbok Radio)[16] 4
Spania (AFYVE)[treng kjelde] 7
UK Singles (Official Charts Company)[17] 5
US Billboard Hot 100[18] 1
US Billboard Hot Dance Club Play[18] 36
US Billboard Top Rock Tracks[18] 1
US Cash Box[19] 1

Liste (2003) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[20] 42

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[21] 10
Canada (RPM Top 100 Singles)[22] 36
US Billboard Hot 100[23] 10
US Cash Box[24] 11

Tina Turner-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Addicted to Love (Live)
Singel av Tina Turner
frå albumet Tina Live in Europe
B-side
  • «Overnight Sensation» (Live)
  • «Legs» (Live)
Utgjeve 1988
Sjanger Rock
Lengd 5:10 (single mix)
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Robert Palmer
Produsent John Hudson
Tina Turner-kronologi 
«Nutbush City Limits (Live)»
(1988)
Addicted to Love (Live) «Tonight (Live)»
(1988)


Tina Turner framførte ofte «Addicted to Love» på konsertane sine sidan 1986. Eit konsertopptak frå 1986-1987-turneen hennar kom ut på Tina: Live in Europa i 1988, og vart òg gjeven ut som singel for å marknadsføre dette albumet i visse land - i staden for «Nutbush City Limits» - og vart ein hitt i Nederland.

Dei to singlane hadde same B-sider: konsertopptak av «Overnight Sensation» og ZZ Top sin «Legs» og nær identiske biletomslag. Versjonen av «Addicted to Love» som vart utgjeven på singel var ein annan miks av songen. Singelmiksen vart seinare gjeven ut på den europeiske utgåva av samlealbumet Simply the Best i 1991, i tillegg til All the Best i 2004 og Tina! i 2008. Eit anna konsertopptak vart gjeven ut på Tina Live i 2009.

Offisielle versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Tina Live in Europe albummiks – 5:22
  • Singelversjon – 5:10
  • Tina Live – 4:54

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1988) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[25] 23
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[26] 29
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[27] 19
Nederland (Mega Single Top 100)[28] 28
UK Singles (Official Charts Company)[29] 71

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Van Halen varma opp med songen i MTV-dokumentaren «Van Halen Unleashed». Dei frafmørte første verset av songen i «Best Of Both Worlds» under 1986 MTV Video Music Awards. Då denne konserten vart gjeve ut på heimevideo med tittelen Live Without A Net, vart «Addicted To Love» fjerna.
  • Rod Stewart framførte songen i Albert Hall som ein del av ein medley med «Some Guys Have All The Luck».

Parodiar[endre | endre wikiteksten]

Parodiar av songen er mellom anna:

Filmparodiar:

Påverknad på andre musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

Videoen har anten direkte påverka eller blitt parodiert i fleire musikkvideoar:

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «#10 -- «Addicted to Love» by Robert Palmer -- #10». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 13. april 2020. Henta 13. mai 2016. 
  2. Blackett, Matt (1 February 2004). Gitar Player Magazine Interview, arkivert frå originalen 15. januar 2013, henta 13. mai 2016 . Gitar Player. Myspace. Henta 13. mai 2016.
  3. «Straight From His Own Gob – Noddy Holder interviewed by Andrew Darlington». Soundchecks. Henta 13. mai 2016. 
  4. «Telling it how it really was». The Guardian. 15 March 1999. Henta 13. mai 2016. 
  5. "The Girl in the Video: “Addicted to Love” (1986)».
  6. «Addicted To Love by Robert Palmer». Songfacts. Henta 13. mai 2016. 
  7. «Australia No. 1 hits -- 1980's». World Charts. Henta 13. mai 2016. 
  8. "Ultratop.be – Robert Palmer – Addicted To Love" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. mai 2016.
  9. «Radio2 top 30: 31 mei 1986» (på nederlandsk). Top 30. Arkivert frå originalen 28. mars 2016. Henta 13. mai 2016. 
  10. CHART NUMBER 1532 – Saturday, Mai 03, 1986, arkivert frå originalen 7. november 2006, henta 13. mai 2016 . CHUM. Henta 13. mai 2016.
  11. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 13. mai 2016.
  12. "The Irish Charts – Search Results – Addicted to Love". Irish Singles Chart. Retrieved 13. mai 2016.
  13. "Nederlandse Top 40 – Robert Palmer - Addicted To Love search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 13. mai 2016.
  14. "Dutchcharts.nl – Robert Palmer – Addicted To Love" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. mai 2016.
  15. "Charts.org.nz – Robert Palmer – Addicted To Love". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 13. mai 2016.
  16. «South Afrikan Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (P)». Rock.co.za. Henta 13. mai 2016. 
  17. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 13. mai 2016.
  18. 18,0 18,1 18,2 «Riptide – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 13. mai 2016. 
  19. CASH BOX Top 100 Singles – Week ending APRIL 26, 1986, arkivert frå originalen 2. oktober 2012, henta 13. mai 2016 . Cash Box magazine. Henta 13. mai 2016.
  20. "Chart Stats – Robert Palmer – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 13. mai 2016.
  21. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 13. mai 2016. 
  22. «Top Singles – Volume 45, No. 14, December 27 1986». RPM. Library and Archives Canada. Henta 13. mai 2016. 
  23. «Top 100 Hits for 1986». The Longbored Surfer. Arkivert frå originalen 13. august 2012. Henta 13. mai 2016. 
  24. The CASH BOX Year-End Charts: 1986, arkivert frå originalen 2. oktober 2012, henta 13. mai 2016 . Cash Box magazine. Henta 13. mai 2016.
  25. "Ultratop.be – Tina Turner – Addicted To Love (Live)" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. mai 2016.
  26. «Radio 2 Top 30 : 16 april 1988» (på nederlandsk). Top 30. Arkivert frå originalen 31. mars 2016. Henta 13. mai 2016. 
  27. "Nederlandse Top 40 – Tina - Addicted To Love Live search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 13. mai 2016.
  28. "Dutchcharts.nl – Tina Turner – Addicted To Love (Live)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. mai 2016.
  29. "Chart Stats – Tina Turner – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 13. mai 2016.
  30. Torreano, Bradley. «Ciccone Youth – The Whitey Album». AllMusic. All Media Network. Henta 13. mai 2016. 
  31. «Addicted to Love – Single by Florence + The Machine». iTunes Store. Apple Inc. 19. april 2015. Henta 27 February 2011. 
  32. Hilburn, Robert (2013). Johnny Cash: A Life. New York: Little, Brown and Company. s. 564.