It Takes Two

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
It Takes Two
av Marvin Gaye og Kim Weston
frå albumet Take Two
B-side «It's Got To Be a Miracle»
Utgjeve 12. mai 1966
Innspelt 27. november & 6. desember 1965 og 2. mars 1966 i Detroit i Michigan
Sjanger Soul
Lengd 3:10
Selskap Tamla
Låtskrivar(ar) William «Mickey» Stevenson, Sylvia Moy
Produsent William «Mickey» Stevenson

«It Takes Two» var ein hitsong spelt inn seint i 1965 av Marvin Gaye og Kim Weston for Motown-selskapet Tamla.

Songen var produsert av den dåverande ektemannen til Weston og venen til Gaye, William «Mickey» Stevenson, og skriven av Stevenson og Sylvia Moy. «It Takes Two» har ein kjærleikstekst som omtalar mange ting i livet som er mykje betre når ein er to og ikkje aleine. Singelen vart ein av dei mest populære duettane til Gaye.

Singelen nådde 14. plassen på Billboard Pop-lista og fjerdeplassen på soullista i USA i januar 1967. «It Takes Two» vart òg den første store hitten til Gaye i Storbritannia, der han nådde 16. plassen på den britiske singellista våren det året.

I 1967 spelte òg Otis Redding og Carla Thomas inn songen for duettalbumet deira, King & Queen.

Songen vart sidan spelt inn av Donny and Marie Osmond i 1974.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Rod Stewart- og Tina Turner-versjonen[endre | endre wikiteksten]

It Takes Two
Singel av Rod Stewart & Tina Turner
frå albumet Vagabond Heart
B-side «Hot Legs» (Live)
Utgjeve November 1990
Innspelt 1990
Sjanger poprock
Lengd 4:13
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) William «Mickey» Stevenson, Sylvia Moy
Produsent Bernard Edwards
Rod Stewart-kronologi
«I Don't Want To Talk About It»
(1990)
It Takes Two «Rhythm of My Heart»
(1991)
Tina Turner-kronologi
«Be Tender with Me Baby»
(1990)
It Takes Two «Nutbush City Limits (The 90's Version)»
(1991)


I 1990 vart «It Takes Two» spelt inn av Rod Stewart og Tina Turner og vart nytta i ein fjernsynsreklame for Pepsi. Det var den første singelen frå Stewart-albumet Vagabond Heart, produsert av Bernard Edwards og gjeve ut seint i 1990. Duetten vart ein hit i Europa og nådde femteplassen i Storbritannia og topp 10 i mangel and i Europa. Han kom sidan ut på samlealbum av begge artistane, Turner sitt Simply The Best (1991) og Stewart sin The Very Best of Rod Stewart (2001).

Versjonar og miksar[endre | endre wikiteksten]

  • Albumversjonen - 4:13
  • Extended Remix - 4:51

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990–91) Plassering
Australia (ARIA)[1] 16
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] 15
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 6
Europa (European Hot 100 Singles)[4] 7
Finland (Suomen virallinen lista)[5] 12
Tyskland (GfK Entertainment)[6] 22
Irland (IRMA)[7] 4
Italia (Musica e dischi)[8] 4
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 3
New Zealand (RIANZ)[10] 19
Spania Radio (PROMUSICAE)[11] 36
Sverige (Sverigetopplistan)[12] 11
Sveits (Schweizer Hitparade)[13] 10
UK Singles (Official Charts Company)[14] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Italia (Hit Parade Italia)[15] 32
Nederland (Single Top 100)[16] 50
Liste (1991) Plassering
Nederland (Dutch Top 40)[17] 214

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen av songen vart nytta i ein reklamefilm i 1982 for bilmerket Talbot i Storbritannia.[19]

Songen vart nytta i filmen It Takes Two med Mary-Kate og Ashley Olsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Australian-charts.com – Rod Stewart & Tina Turner – It Takes Two". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta October 1, 2015.
  2. "Rod Stewart & Tina Turner – It Takes Two – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta October 1, 2015.
  3. "Ultratop.be – Rod Stewart & Tina Turner – It Takes Two" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta October 1, 2015.
  4. «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. December 22, 1990. Henta 2. oktober 2015. 
  5. «Singlet 1990-12 joulukuu» (på Finnish). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta October 1, 2015. 
  6. «Tina Turner - Top Titel» (på German). GfK Entertainment. Henta October 1, 2015. 
  7. "The Irish Charts – Search Results – It Takes Two". Irish Singles Chart. Retrieved October 1, 2015.
  8. «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. January 12, 1991. Henta 15. mai 2016. 
  9. "Dutchcharts.nl – Rod Stewart & Tina Turner – It Takes Two" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta October 1, 2015.
  10. "Charts.org.nz – Rod Stewart & Tina Turner – It Takes Two". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta October 1, 2015.
  11. Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  12. "Swedishcharts.com – Rod Stewart & Tina Turner – It Takes Two". Topp 60. Hung Medien. Henta October 1, 2015.
  13. "Rod Stewart & Tina Turner – It Takes Two – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta October 1, 2015.
  14. "Chart Stats – Tina Turner – It Takes Two" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta October 1, 2015.
  15. «I singoli più venduti del 1990». Hit Parade Italia. Henta 2. oktober 2015. 
  16. «Jaaroverzichten - Single 1990» (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 2. oktober 2015. 
  17. «Jaarlijsten 1991» (på nederlandsk). Stichting Nederlandse Top 40. Henta October 12, 2015. 
  18. http://www.kalahari.com/Music/It-Takes-Two_p_34516058?gclid=CKeQ-t3v67sCFYUewwodXAsAGw Henta 15. mai 2016
  19. VideoYouTube