Ball of Confusion (That's What the World Is Today)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ball of Confusion
(That's What the World is Today)

Singel av The Temptations
frå albumet Greatest Hits II
B-side «It's Summer»
Utgjeve 7. mai 1970
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 12. og 14. april 1970
Sjanger Psykedelisk soul
Lengd 4:06
Selskap GordyG 7099
Låtskrivar(ar) Norman Whitfield
Barrett Strong
Produsent Norman Whitfield
The Temptations-kronologi
«Psychedelic Shack»
(1969)
Ball of Confusion
(That's What the World is Today)
«Ungena Za Ulimwengu (Unite the World)»
(1970)


Ball of Confusion
Singel av Tina Turner
frå albumet B.E.F.: Music of Quality And Distinction Volume One
B-side «Ball of Confusion»
(instrumental)
Utgjeve 1982
Innspelt 1982
Sjanger Pop/R&B
Lengd 3:50
Selskap Virgin
Låtskrivar(ar) Norman Whitfield
Barrett Strong
Produsent Martyn Ware
Tina Turner-kronologi
«Music Keeps Me Dancin'»
(1979)
Ball of Confusion «Let's Stay Together»
(1983)


Ball of Confusion
Singel av Love and Rockets
B-side «Inside the Outside»
Utgjeve 1985
Sjanger Alternative rock
Selskap Beggars Banquet
Love and Rockets-kronologi
«If There's a Heaven Above"
(1985)
Ball of Confusion «Kundalini Express"
(1986)


«Ball of Confusion (That's What the World Is Today)» er ein song frå 1970 av The Temptations. Han vart gjeven ut på Gordy-etiketten til Motown og er skriven av Norman Whitfield og Barrett Strong.

Songen vart same året gjeven ut på Greatest Hits II. Singelen nådde tredjeplassen på den amerikanske poplista og andreplassen på R&B-lista. Billboard rangerte singelen som den 24. beste i 1970.[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tina Turner-versjonen[endre | endre wikiteksten]

«Ball of Confusion» spelar indirekte ei viktig rolle i karrieren til Tina Turner. Innspelinga hennar av songen kom med på albumet Music of Quality And Distinction Volume One i 1982, ein hyllest av B.E.F. (British Electric Foundation) med medlemmar frå New Romantic-bandet Heaven 17 og fleire gjestevokalistar som song hittar frå 1960- og 1970-åra, av dei Sandie Shaw, Paul Jones, Billy Mackenzie, Paula Yates og Gary Glitter.

Den synth-drivne versjonen til Turner av «Ball of Confusion» opna albumet og vart gjeven ut som singel. Singelen nådde femteplassen i NOreg, og dette førte til at Capitol Records signerte kontrakt med Turner. Dei fekk Martyn Ware og Ian Craig Marsh til å spele inn ein annan 70-tals låt med ho seint i 1983, Al Green sin «Let's Stay Together» som vart ein overraskande hit på begge sider av Atlanteren og utgangspunktet for comebacket til Turner med oppfølgjaralbumet Private Dancer i 1984.

Turner spelte inn fleire coverversjonar med Heaven 17/B.E.F., som David Bowie sin «1984» (på Private Dancer), Sam Cooke sin «A Change Is Gonna Come» (på Music of Quality And Distinction Volume Two), Cooke sin «Having A Party» og Al Green sin «Take Me to the River».

Då albumet Music of Quality And Distinction Volume One vart gjeve ut på CD tidleg i 1990-åra, inneheld det ein oppdatert miks av Turner sin «Ball of Confusion». Denne versjonen vart så gjeven ut i CD-boksen hennar The Collected Recordings - Sixties to Nineties i 1994.

Versjonar og miksar[endre | endre wikiteksten]

  • Albumversjonen/7" Mix - 3:20
  • 7" Instrumental - 3:20
  • 1991 B.E.F. Remix - 4:11

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Noreg 5[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1970
  2. «Song Artist Tina Turner». Henta 4 February 2012.