Tearing Us Apart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tearing Us Apart
Singel av Eric Clapton & Tina Turner
frå albumet August
B-side «Hold On»
Utgjeve 8. juni 1987
Innspelt 1986
Sjanger Pop, rock
Lengd 3:38 (7"), 4:14 (album)
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Eric Clapton
Greg Phillinganes
Produsent Phil Collins
Eric Clapton & Tina Turner-kronologi
«Break Every Rule»
(1986)
Tearing Us Apart «Paradise Is Here»
(1987)


«Tearing Us Apart» er ein song spelt inn av Eric Clapton i 1986 på albumet August, produsert av Phil Collins. Songen handlar om «komiteen», venene til Pattie Boyd som Clapton meinte kom mellom han og Boyd. «Tearing Us Apart» vart spelt inn som ein duett med Tina Turner og gjeven ut som den andre singelen frå albumet i midten av 1987, etter «Behind the Mask». Songen gjekk ikkje inn på listene i USA, men vart ein mindre hitt i Storbritannia. Songen vart spelt på konsertar av Clapton seint i 1980-åra og i 1990-åra, framført i lag med andre kvinnlege vokalistar som Katie Kissoon, Tessa Niles, Shaun Murphy, Tracy Ackerman, Sheryl Crow, Sharon White og Michelle John. Clapton spelte igjen songen på konsertar i 2011.

Turner og Clapton framførte songen i 1986 under Prince's Trust All-Star Rock Concert på Wembley Arena i 1986 for å feire 10-årsjubileet til Prince's Trust, då med eit band som bestod av Phil Collins, Elton John, Mark Knopfler, Bryan Adams, Rod Stewart og Paul McCartney. Konsertversjonen vart gjeven ut på Royal Concert-albumet i 1987, gjeven ut av The Prince's Trust.

Eit anna opptak av songen frå Break Every Rule-turneen til Tina Turner med Clapton på gjestegitar og vokal, vart sidan gjeven ut på konsertalbumet Tina Live in Europe i 1988.

Versjonar og miksar[endre | endre wikiteksten]

  • 7" Edit - 3:38
  • Albumversjonen, òg kalla Full Length Mix (12") - 4:14

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[1] 34
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[2] 29
UK Singles (Official Charts Company)[3] 56
US Mainstream Rock (Billboard)[4] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Ultratop.be – Eric Clapton with Tina Turner – Tearing Us Apart" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta September 24, 2015.
  2. "Nederlandse Top 40 – week 35, 1987" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta September 24, 2015.
  3. "Chart Stats – Tina Turner – Tearing Us Apart" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta September 24, 2015.
  4. "Eric Clapton – Listehistorie" Billboard Mainstream Rock Songs for Eric Clapton. Henta September 24, 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]