Missing You av John Waite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Missing You
Singel av John Waite
frå albumet No Brakes
B-side

«For Your Love»

Språk engelsk
Utgjeve 23. juni 1984
Innspelt Februar 1984
Sjanger Softrock
Lengd 4:01
Selskap EMI
Komponist Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite
Tekstforfattar Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite
Låtskrivar(ar) John Waite, Mark Leonard, Chas Sandford
Produsent John Waite, David Thoener, Gary Gersh
John Waite-kronologi 
«Going to the Top»
(1982)
Missing You «Tears»
(1984)


«Missing You» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren John Waite. Han vart gjeven ut i juni 1984 som den første singelen frå albumet No Brakes. Han nådde toppen av Billboard Hot 100 hausten 1984 og niandeplassen på UK Singles Chart.

John Waite spelte inn songen på ny med country- og bluesgrassartisten Alison Krauss på albumet hennar A Hundred Miles or More: A Collection i 2007. Nyinnspelinga nådde 34. plassen på Hot Country Songs-lista i USA. Den originale innspelinga vart nytta i filmane Selena (1997) og Warm Bodies (2013),[1] videospelet Grand Theft Auto: Vice City, og TV-serien Miami Vice,[2] i tillegg til situasjonskomedien «Rules of Engagement». Han er òg nytta i filmane 22 Jump Street (2014) og i introen av The Great Outdoors med Dan Aykroyd og John Candy.

Ein av dei første MTV-personlegdomane Nina Blackwood sa i boka VJ: The Unplugged Adventures of MTV's First Wave at Waite hadde skrive songen om ho, noko som vart stadfesta av Waite.[3]

Musikkvideoen vart regissert av Kort Falkenberg III og vart filma i Los Angeles sommaren 1984.

Versjonar og miksar[endre | endre wikiteksten]

  • Extended version – 6:59 (miksa og klippa av John Luongo)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Canadian RPM Top Singles 1
Tyskland 13
Irish Singles Chart 6
UK Singles Chart 9
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 7
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 27
U.S. Billboard Top Rock Tracks 1

Tina Turner-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Missing You
Singel av Tina Turner
frå albumet Wildest Dreams
B-side

«The Difference Between Us»

Språk engelsk
Utgjeve 25. juli 1996
Sjanger Dance-rock
Lengd 4:36
Selskap Parlophone
Komponist Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite
Tekstforfattar Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite
Låtskrivar(ar) John Waite, Mark Leonard, Chas Sandford
Produsent Trevor Horn
Tina Turner-kronologi 
«On Silent Wings»
(1996)
Missing You «Something Beautiful Remains»
(1996)


Songen vart òg spelt inn av Tina Turner i 1996, og gjeve ut som den tredje singelen frå albumet Wildest Dreams. Då originalversjonen til Waite nådde toppen av Billboard's Hot 100 seint i 1984, skyvde han Tina Turner sin «What's Love Got to Do with It» ned frå toppen. Turner sin versjon av «Missing You» nådde 12. plassen på den britiske singellista og 84. plassen i USA i 1996.

Singelen «Missing You» inneheld ein redigert versjon av songen, ein alternativ miks og somme format inneheldt òg songen «The Difference Between Us», som ikkje var med på det originale albumet.

Versjonar og miksar[endre | endre wikiteksten]

  • Europeisk albumversjon – 4:36
  • Amerikansk albumversjon – 4:40
  • Single edit – 4:02
  • Alternate mix – 4:04

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen var regissert av Peter Lindbergh og hadde premiere i midten av 1996.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1996) Plassering
3
Europa (European Hot 100 Singles)[4] 70
Tyskland (GfK Entertainment)[5] 66
Skottland (Official Charts Company)[6] 7
UK Singles (Official Charts Company)[7] 12
US Billboard Hot 100[8] 84
US Adult Contemporary (Billboard)[9] 16

E'voke-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Missing You
Singel av E'voke
Språk engelsk
Utgjeve 28. desember 1998
Sjanger Pop
Lengd 3:43
Selskap Pulse8, WEA, Pinball records
Komponist Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite
Tekstforfattar Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite
Låtskrivar(ar) John Waite, Mark Leonard, Chas Sandford
Produsent Barry Leng & Duncan Hannant

Songen vart òg spelt inn av E'voke i 1997 etter dei gjekk frå Manifesto Records. James Rudolph rappa på singelen og det vart laga remiksar av Steinway og Nip N Tuck.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Radio Edit 3:43 (berre på Pulse8-promo)
  • Nip N Tuck Edit 7:37
  • Steinway Mix 5:34
  • Steinway Mix Radio Edit 3:51
  • Instrumental 3:42 (berre på Pulse8-promo)
  • Extended Radio Mix 5:05 (berre på Pulse8-promo)
  • Park & Ride Mix 6:28 (berre på Pulse8-promo)
  • Round The Block Mix 6:47 (berre på Pulse8-promo)
  • Metro Radio Mix 4:20
  • R&B Mix Edit 3:59
  • Christmas Edit 4:18
  • Echobeatz Mix 6:41 (berre 12")

Brooks & Dunn-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Missing You
Singel av Brooks & Dunn
frå albumet Tight Rope
B-side

«The Trouble with Angels»

Språk engelsk
Utgjeve 2. august 1999
Sjanger Country
Lengd 3:47
Selskap Arista Nashville – 13179
Komponist Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite
Tekstforfattar Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite
Låtskrivar(ar) John Waite, Mark Leonard, Chas Sandford
Produsent Kix Brooks, Ronnie Dunn, Byron Gallimore
Brooks & Dunn-kronologi 
«South of Santa Fe»
(1999)
Missing You «Beer Thirty»
(1999)


Songen vart òg spelt inn av den amerikanske countrygruppa Brooks & Dunn og vart gjeve ut i august 1999 som den første singelen frå albumet Tight Rope. Versjonen deira nådde sjetteplassen på countrylista i Canada, 15. plassen på countrylista i USA og 75. plassen på Hot 100-lista.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart regissert av Deaton Flanigen og hadde premiere i midten av 1999.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1999) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[10] 6
US Billboard Hot 100[11] 75
US Country Songs (Billboard)[12] 15

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1999) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[13] 63

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vilkomerson, Sara (16. mai 2016). «'Missing You': John Waite on his classic single's new life in 'Warm Bodies'». Entertainment Weekly. Henta 16. mai 2016. 
  2. John Waite Credits
  3. Spears, Steve (17 June 2013). «Nina Blackwood dishes on fellow VJs, John Waite and current state of MTV: 'I think it sucks!'». Tampa Bay Times. Arkivert frå originalen 20. juni 2013. Henta 13. mai 2016. 
  4. «The Eurochart Hot 100 Singles». Music & Media. August 3, 1996. Arkivert frå originalen 11. mars 2005. Henta October 7, 2015. 
  5. «Tina Turner - Top Titel» (på tysk). GfK Entertainment. Henta October 7, 2015. 
  6. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta October 7, 2015.
  7. "Chart Stats – Tina Turner – Missing You" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta October 7, 2015.
  8. "Turner?f=379&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta October 7, 2013.
  9. "Turner?f=341&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta October 7, 2013.
  10. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. November 1, 1999. Retrieved July 7, 2013.
  11. "& Dunn?f=379&g=Singles Brooks & Dunn Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Brooks & Dunn. Prometheus Global Media.
  12. "& Dunn?f=357&g=Singles Brooks & Dunn Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Brooks & Dunn. Prometheus Global Media.
  13. «RPM Top 100 Country Tracks of 1999». RPM. December 13, 1999. Henta July 7, 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]