1984 av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
1984
av David Bowie
frå albumet Diamond Dogs
B-side «Queen Bitch» USA
«Lady Grinning Soul» Japan
Utgjeve Juli 1974
Innspelt Olympic og Island Studios, London
Ludolf Studios i Hilversum i Nederland
ca. 14.-16. januar 1974
Sjanger Funkrock, glamrock
Lengd 3:27
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi
«Diamond Dogs»
(1974)
1984 «Knock on Wood»
(1974 - UK)

«1984» er ein song av David Bowie frå albumet Diamond Dogs frå 1974. Han var skriven seint i 1973, inspirert av George Orwell-romanen 1984 og som mykje av albumet var han meint frå ein musikal basert på romanen som det aldri vart noko av.[1]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Someday they won't let you, now you must agree
The times they are a-telling, and the changing isn't free
You've read it in the tea leaves and the tracks are on TV
Beware, the savage jaw of 1984

David Bowie (1973)

Songen er den sentrale på side to av den originale vinylutgåva og ut frå samanhengen til Bowie si utgåva av soga til Orwell, har «1984» vorte tolka som fengslinga av Winston Smith og forhøyret av O'Brien.[1] Teksten har visse likskapar med ein tidlegare Bowie-song, «All the Madmen» frå The Man Who Sold the World («They'll split your pretty cranium and fill it full of air»).[2]

«1984» er ein milepåle for Bowie når det kjem til rytme, og dette var den rytmisk mest ambisiøse songen Bowie hadde skrive til då. Rytme var underutvikla i dei fleste av dei tidlege Bowiesongane, sidan Bowie konsentrerte seg om harmonisk progresjon, utvikle melodiar og sidestillingar med å spele rare akkordskifte, skape intrikate vokallinjer, byggje på gamle riff, lage songar av lydeffektar (frå Stylophone til varispeed-vokal). Det hjelpte ikkje at dei første trommeslagarane til Bowie ikkje var dugande nok heller. Med Aynsley Dunbar hadde Bowie funne ein førsteklasses trommeslagar og Bowie kunne arbeide seg gjennom idear han plukka frå James Brown og Isaac Hayes.[3]

Wah-wah-gitaren på «1984» har ofte vorte samanlikna med «Theme from Shaft» (1971) av Isaac Hayes.[1][4] Det er spelt av Alan Parker, og var ein av få gonger på Diamond Dogs der Bowie ikkje sjølv spelar sologitar.[2] Funk/soul-påverknaden i songen er omtalt som ein tydeleg indikator på kva retning Bowie kom til å ta på det neste albumet sitt, Young Americans.[2]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«1984» vart først spelt inn som ein medley med «Dodo», kjend som «1984/Dodo», den 19. oktober 1973 for det amerikanske fjernsynsprogrammet The 1980 Floor Show (seinare gjeven ut på piratkopialbumet Dollars in Drag).[1] Ei studioutgåve av «1984/Dodo» vart spelt inn i løpet av den neste månaden, men kom ikkje ut før Sound and Vision-boksen i 1989. Dette var den siste innspelinga til Bowie i lag med Mick Ronson, Trevor Bolder og produsent Ken Scott i Trident Studios i London.

På den seinare Diamond Dogs-innspelinga vart «1984» og «Dodo» spelt inn som to forskjellige songar, og berre «1984» kom med på det endelege albumet. Den siste versjonen av «1984» var raskare og meir funky enn medleyen, og skildra av Bowie-forfattaren Nicholas Pegg, «eit særs opplagt val som singel».[2] Han vart derimot berre gjeven ut på singel i Amerika, Japan og New Zealand, men gjekk ikkje inn på salslistene nokon stad. Songen vart ofte spelt som første song under Diamond Dogs-konsertane i 1974,. men har ikkje vorte spelt på konsertar etter Sound + Vision-turneen i 1990. «Dodo» vart gjve ut som bonusspor av Rykodisc-utgåva av albumet i 1990.

Songen har ein fyldig vokal. Bowie utvikla den klangfulle stemma han skulle bruke det meste av det neste tiåret, det ein kalla Thin White Duke-stemma.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit konsertopptak frå 1974-turneen finst på David Live og eit anna opptak frå 1974 finst på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.
  • Eit opptak av «1984» finst på DVDenThe Dick Cavett Show: Rock Icons

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.64
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.153
  3. 3,0 3,1 Chris O’Leary. 1984/Dodo. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 10. februar 2016.
  4. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.214