Belisarius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belisarius

Statsborgarskap Austromarriket
Fødd ca. 505
Sapareva banja
Død

565
Konstantinopel

Yrke politikar, offiser, militær
Språk gamalgresk
Ektefelle Antonina - Bysants
Belisarius på Commons

Flavius Belisarius (gresk Βελισάριος, ca. 505[1]–565) var ein general i Austromarriket. Han spelte ei særs viktig rolle i freistnadene til keisar Justinianus på å vinna attende landområda omkring Middelhavet til det som hadde vore Vestromarriket og som dei hadde tapt mindre enn hundre år tidlegare.

Oppvokster og livsveg[endre | endre wikiteksten]

Belisarius var truleg fødd i i Germane eller Germania, ein festningsby (nokre arkeologiske restar finst) på staden til dagens Sapareva Banya i søraustre Bulgaria. Han var fødd inn i ei illyrisk[2][3][4][5][6] eller trakisk[7] slekt, med mogleg gotisk opphav,[8] og hadde latin som morsmål. Han vart soldat i den romerske hæren som ung mann og tente i livvakta til Justinus I.[2][9]

Ryktet hans som ein lovande og nyskapande offiser trekte til seg merksemda åt keisar Justinus og nevøen hans, Justinianus. Han fekk løyve frå keisaren til å skipe til eit livvaktregiment (bucellarii) med tungt kavalleri, som han seinare utvida til eit personleg hushaldsregiment på 1500 mann. Belisarius' bucellarii var kjernen som alle hærane han seinare kom til å leie ville vera skipa omkring. Med ei lanse, komposittboge og breisverd hadde dei ei standsmessig utrusting for tungkavalleri på den tida. Dei kunne ta del i trefningar på avstand med boge, slik som hunarane, men òg ta rolla som tungt sjokk-kavalleri og åtaka fienden med lanse og sverd. Slik kombinerte dei dei beste og farlegaste trekka til hunar- og gotarhærane, dei største fiendane av romarane.

Kart over den austromersk-persiske grensa.

Etter at Justinus døydde i 527 gav den nye keisaren Justinianus I Belisarius i oppdrag å leie den romerske hæren i aust for å ta hand om streiftog frå det persiske sassanideriket. Han synte seg å vera ein dyktig og effektiv hærførar, og  vann over den større sassanidehæren. I juni/juli 530 under Den iberiske krigen (om det georgiske kongedømet Iberia, ikkje den iberiske halvøya) leidde han romarane til siger over sassanidane i slaget ved Dara i dagens, følgd av eit taktisk nederlag ved Kallinikos (i dag Ar-Raqqah i Syria) ved Eufrat i 531 – dette var kanskje ein strategisk siger sidan persarane trekte seg attende til grensene sine. Etter dette forhandla romarane fram ein "evig fred" med persarane, der  romarane fekk fred med Persia mot å betala tributt. Dette frigjorde ressursar for den romerske hæren.

Da Nika-opprøret braut laus i 532 mellom rivaliserande veddelaupsupportarar og nesten avsette Justinianus, var Belisarius den høgast rangerte militæroffiseren i keisarhovudstaden Konstantinopel. Bysantinarane slo ned på opprøret med ein massakre i Hippodromen, samlingsplassen til opprørarane, som skal ha kosta 30 000 menneske livet.

Militære operasjonar[endre | endre wikiteksten]

Mot vandalane[endre | endre wikiteksten]

Kart over den vandaliske krigen

For innsatsen sin fekk Belisarius i løn av Justinianus å leie ein land- og sjøekspedisjon mot vandalriket i 533-34.  Romarane hadde politiske, religiøse og strategiske grunnar for eit slik hærtog. Gelimer hadde avsett og teke livet av den vandaliske kongen Hilderik, og såleis gitt Justinianus eit rettsleg grunnlag. Vidare hadde dei arianistiske vandalane til tider forfølgd dei nikeiske kristne innanfor kongedømet sitt, og mange av dei kom til hovudstaden Konstantinopel med ønske om oppreising. Vandalane hadde sendt fleire sjørøvartokt mot romerske handelsinteressar, og slik gjort skade på handelen i dei vestlege delane av riket. Justinianus ønskte også kontroll over landområda til vandalane i nord-Afrika, som var ein av dei rikaste delane og "brødkorga" til Vestromarriket, og no særs viktig for å sikre romarane tilgang til vest-Middelhavet.

Utpå sommaren 533 siglde Belisarius åt Afrika og gjekk i land ved Caput Vada (ved Chebba på kysten av Tunisia). Han bad flåta si om å ikkje miste synet av hæren, og marsjerte langs kysten mot hovudstaden til vandalane i Kartago. Han gjorde dette for å hindre forsyningslinene frå å bli brotne av, og for å unngå eit stortap lik det dei leid da Basiliskus freista å ta attende nord-Afrika 65 år tidlegare, som ende i katastrofe for romarane i slaget ved Kapp Bon i 468.

Ti romerske mil (ca. 15 kilometer) frå Kartago møtte styrkane til Gelimer og Belisarius kvarandre i slaget ved Ad Decimum den 13. september 533. Det var nær på å bli eit nederlag for romarane. Gelimer hadde vald stillinga si godt og gjorde det godt langs hovudvegen. Men romarane verka å dominere båe sider av hovudvegen til Kartago. I kampens heite vart Gelimer opprørd av å høyre at bror hans var drepen i slaget. Dette gav Belisarius og hæren hans eit gyllent høve til å omgruppere, og dei vann slaget og tok Kartago. Ein andre siger i slaget ved Tricamarum 15. desember same år førte til slutt til at Gelimer kapitulerte ved Papuafjellet tidleg i 534, og dei tapte romerske provinsane i Afrika var på ny innlemma i riket. For denne bragda fekk Belisarius ein romersk triumf (den siste nokon sinne) da han kom attende til Konstantinopel. Ifølgje Prokopios paraderte romarane i triumftoget gods frå tempelet i Jerusalem og andre ting vandalane hadde plyndra frå Roma 80 år tidlegare, i tillegg til Gelimer sjølv før han vart send i eksil. Belisarius fekk medaljar med innskrifta Gloria Romanorum trykt til si ære, men ingen har overlevd til vår tid. Belisarius var også konsul åleine i 535, som ein av dei siste til å ha dette embettet, som hadde opphav i den gamle romerske republikken.

Mot austgotarane[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser handlinga i dei første fem åra av krigen, som syner den romerske erobringa av Italia under Belisarius.

Justinianus ville no gjenopprette så mykje av Vestromarriket som han kunne. I 535 ga han i oppdrag til Belisarius å gå til åtak på kongedømet til austgotarane i Italia. Belisarius gjekk i land på Sicilia og nytta øya som ein base for operasjonane mot Italia, mens Mundus tok Dalmatia. Førebuingane til invasjonen av det italienske fastlandet vart stogga rundt påsketider 536, da Belisarius siglde til Afrika for å takle eit opprør i den lokale hæren. Ryktet hans fekk opprørarane til å gi opp kringsetjinga av Kartago, og Belisarius følgde etter og sigra over dei ved Membresa. Så vende han attende til Sicily, og derfrå inn i Italia, der han tok Napoli i november og Roma i desember 536.

I 537–538 forsvara han Roma mot gotarane og drog nordover for å ta hovudstaden til ostrogotarane, Ravenna, i 540, der gotarkongen Witiges vart teken til fange. Før hærtakinga av Ravenna hadde ostrogotarane tilbode å gjera Belisarius til keisar av vestriket. Belisarius lest som han godtok og gjekk inn i Ravenna, men erklærte snart å ha teke Ravenna i namnet til keisar Justinianus.

TIlbodet frå gotarane gjorde Justinianus mistenksam og han kalla Belisarius til Konstantinopel. Han vende heim med statskassa, kongen og krigarane til gotarane.

Keisaren henta Belisarius attende dels for å svara på inntoget til persarane i Syria, ein viktig provins i riket, der han med stor lukke heldt åtakarane unna. Han slo persarhæren under Nabades ved Nisibis, men fekk ikkje teke byen av di han hadde sterke festningsverk og persarane forsvara seg godt. Han hærtok Sisauranon, eit lite persisk fort i aust. Sidan sende han 1200 romerske soldatar for å plyndre Assyria. Dette toktet var vellukka, og dei trengde langt inn i landet og tok mykje hærfang.[10]

Belisarius vende attende til Italia i 544, der stoda hadde endra seg mykje. I 541 hadde austgotane vald Totila som den nye leiaren sin og hadde sett i gang ein kraftig offensiv mot romarane, og tok heile nord-Italia og dreiv til og med romarane ut av Roma. Belisarius makta for ei kort stund å ta Roma, men det italienske felttoget hans gjekk dårleg, mykje grunna avgrensa forsyningar og forsterkinga, kanskje etter at keisarriket var svekt etter pestutbrotet i 541-42. I 548/9 løyste Justinianus han frå tenesta. Etter at økonomien tok seg opp att leidde evnukken Narses i 551 ein stor hær for å fullføre felttoget i Italia. Samstundes pensjonerte Belisarius seg frå militæret. På det andre kyrkjemøtet i Konstantinopel i 553 var Belisarius ein av sendemennene frå keisaren til pave Vigilius i striden deira om "dei tre kapitla". Patriarken Eutykios, som presiderte over dette rådet i staden til pave Vigilius, var son åt ein av generalane til Belisarius.

Avsetjinga av pave Silverius[endre | endre wikiteksten]

Under kringsetjinga av Rome hende noko som generalen kom til å bli fordømd for i lang tid: bysantinsk-kristne Belisarius fekk kommando frå den monofysittisk-kristne keisarinna Theodora om å avsetja paven, som gotarane hadde utnemnt. Denne paven var Silverius, son av pave Hormisdas. Belisarius skulle byte han ut med Vigilius. Pave Boniface II hadde vald Vigilius som sin etterfølgjar allereie i 531, men sterk kritikk frå romerske geistlege gjorde at Boniface gjorde om avgjerda si.

På høgda av kringsetjinga i 537 vart Silverius skulda for å konspirere med den gotiske kongen og fleire romerske senatorar om å ville opne byportane i løynd. Belisarius tok frå han dei liturgiske kleda og sende han i eksil til Patara i Lykia i Lilleasia. Etter at biskopen av Patara hevda uskulda hans kommanderte keisar Justinianus at han skulle vende attende til Italia og få pavesetet att, om etterforskinga frikjente han. Men Vigilius hadde allereie fått plassen hans og Silverius vart stoppa før han rakk fram til Roma. Han måtte gå i eksil ein gong til, no til øya Palmarola (Ponza), der det seiast at han svelta i hel. Han er i dag vernehelgen for Ponza.

Belisarius bygde eit oratorie på plassen til Santa Maria i Trivio in Roma som eit teikn på anger. Han bygde også to herberge for pilgrimar og eit kloster, som har forsvunne sidan.

Seinare liv og hærtog[endre | endre wikiteksten]

Utvidinga av eigedomene til det austromerske keisarriket frå Justinianus kom til makta (raud, 527) og til han og Belisarius døydde (oransje, 565)

Pensjonisttilveret tok slutt for Belisarius i 559, da ein hær av kutrigur-bulgararar under leiinga til khanen Zabergan kryssa Donau for å ta romersk territorie for første gong og truga sjølve Konstantinopel. Justinianus kalla Belisarius tilbake for å leie den romerske hæren. I sitt siste felttog slo Belisarius kutrigurane og dreiv dei attende over elva med den talmessig underlegne styrken han leidde.

I 562 stod Belisarius for retten i Konstantinopel, tiltala for korrupsjon. Ein  Ein antek at skuldingane var oppdikta, og moderne forsking tyder på at den tidlegare sekretæren hans Procopius frå Caesarea kan ha vore domar i saka.[treng kjelde] Retten fann Belisarius skuldig og han måtte i fengsel. Ikkje lengje etter fekk han likevel tilgiving frå keisar Justinianus, og fekk att sin gamle status ved det keisarlege hoffet.

Prokopios teiknar i dei første fem kapitla av verket sitt Hemmeleg historie eit bilete av Belisarius som ein hanrei, som var kjenslemessig avhengig av den utsvevande kona si Antonina. Ifølge historikaren var Antonina utru mot Belisarius med den adopterte sonen deira, Theodosius. Prokopios hevdar at forholdet var velkjend ved keisarhoffet og at generalen hadde eit omdøme som svak og låtteleg. Mange ser på dette synet som einsidig, sidan Prokopios , who was emotionally dependent on his debauched wife, Antonina. According to the historian, Antonina cheated on Belisarius with their adopted son, the young Theodosius. Procopius claims that the love affair was well known in the imperial court and the general was regarded as weak and ridiculous; this view is often considered biased, as Procopius nørte eit langvarig hat mot både Belisarius og Antonina. Keisarinne Theodora skal ha hjelpt og redda Antonina da Belisarius endeleg freista å få kona si for retten.

Belisarius og Justinianus, som saman auka storleiken til Austromarriket med 45%, døydde med berre få månader mellomrom i 565.

Segna om den blinde tiggaren Belisarius[endre | endre wikiteksten]

Bélisaire av François-André Vincent (1776). Den blinde tiggaren Belisarius blir attkjend av ein av sine tidlegare soldatar.
Belisarius ber om almissar, som skildra i måleriet av Jacques-Louis David (1781)
Den fredlause Belisarius får hjelp av ein bonde av Jean-François Pierre Peyron (1779)

Ifølgje ei segn som vart populær i mellomalderen, skal Justinian ha fått auga til Belisarius rivne ut og fått han til å stå som heimlaus tiggar ved Porta Pinciana i Roma og spørja forbipasserande om å «gi ein obol til Belisarius» (date obolum Belisario), før han så fekk nåde. Dei fleste forskarar i moderne tid meiner at segna neppe er historisk, men Philip Stanhope, den britiske filologen som skreiv biografien Life of Belisarius i 1829, meinte at ho var sann.

Trass i den tvilsame sanningsgehalten vart segna eit populært emne for radikale kunstnarar etter at Jean-François Marmontel ga ut romanen Bélisaire i 1767. Dei såg paralellar mellom handlingane til Justinianus og undertrykkinga herskarar i samtida utsette dei for.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den nøyaktige fødedatoen hans er ukjend.
  2. 2,0 2,1 Treadgold, Warren T. (1997).
  3. Barker, John W. (1966).
  4. History of the Later Roman Empire: From the Death of Theodosius I to the death of Justinian volume 2, by J.B.Bury p.56
  5. The Age of Faith: The Story of Civilization by Will Durant, Chapter V
  6. Count Marcellinus and His Chronicle by Brian Croke, p.75
  7. Tucker, Spencer C. (2010).
  8. Frassento, Michael (2003).
  9. Evans, James Allan (2003-10-01).
  10. The Roman Eastern Frontier and the Persian Wars AD 363-628 by Geoffrey Greatrex,Samuel N. C. Lieu, p. 108-110

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Primærkjelder[endre | endre wikiteksten]

Sekundærkjelder[endre | endre wikiteksten]

  • "Belisarius" Encyclopædia Britannica Online. 27 Apr 2009
  • [./File:Wikisource-logo.svg ] Chisholm, Hugh, ed. (1911). "Belisarius". Encyclopædia Britannica 3 (11th ed.). Cambridge University Press. 
  • R. Boss, R. Chapman, P. Garriock, Justinian's War: Belisarius, Narses and the Reconquest of the West, Montvert Publications, 1993, ISBN 1-874101-01-9.
  • Henning Börm, Justinians Triumph und Belisars Erniedrigung. Überlegungen zum Verhältnis zwischen Kaiser und Militär im späten Römischen Reich. In: Chiron 43 (2013), pages 63–91.
  • Glanville Downey, Belisarius: Young general of Byzantium, Dutton, 1960
  • Edward Gibbon has much to say on Belisarius in The History of the Decline and Fall of the Roman Empire, Chapter 41 online.
  • Lillington-Martin, Christopher 2006–2013:
    • 2006, "Pilot Field-Walking Survey near Ambar & Dara, SE Turkey", British Institute of Archaeology at Ankara:Travel Grant Report, Bulletin of British Byzantine Studies, 32 (2006), side 40–45;
    • 2007, "Archaeological and Ancient Literary Evidence for a Battle near Dara Gap, Turkey, AD 530: Topography, Texts and Trenches" in: BAR –S1717, 2007 The Late Roman Army in the Near East from Diocletian to the Arab Conquest Proceedings of a colloquium held at Potenza, Acerenza and Matera, Italy edited by Ariel S. Lewin and Pietrina Pellegrini, p 299–311;
    • 2008, "Roman tactics defeat Persian pride" i Ancient Warfare redigert av Jasper Oorthuys, Vol. II, Issue 1 (February 2008), side 36–40;
    • 2009, "Procopius, Belisarius and the Goths" i: Journal of the Oxford University History Society,(2009) Odd Alliances edited by Heather Ellis and Graciela Iglesias Rogers. ISSN 1742917X, pages 1– 17, https://sites.google.com/site/jouhsinfo/issue7specialissueforinternetexplorer;
    • 2010, "Source for a handbook:Reflections of the Wars in the Strategikon and archaeology" in: Ancient Warfare edited by Jasper Oorthuys, Vol. IV, Issue 3 (June 2010), pages 33–37;
    • 2011, "Secret Histories", http://classicsconfidential.co.uk/2011/11/19/secret-histories/;
    • 2012, "Hard and Soft Power on the Eastern Frontier: a Roman Fortlet between Dara and Nisibis, Mesopotamia,Turkey, Prokopios' Mindouos?" in: The Byzantinist, edited by Douglas Whalin, Issue 2 (2012), pages 4–5, http://oxfordbyzantinesociety.files.wordpress.com/2012/06/obsnews2012final.pdf;
    • 2013a, "La defensa de Roma por Belisario" in: Justiniano I el Grande (Desperta Ferro) edited by Alberto Pérez Rubio, 18 (July 2013), pages 40–45, ISSN 2171-9276;
    • 2013b, "Procopius on the struggle for Dara and Rome" in: War and Warfare in Late Antiquity: Current Perspectives (Late Antique Archaeology 8.1–8.2 2010–11) by Sarantis A. and Christie N. (2010–11) edd. (Brill, Leiden 2013), pages 599–630, ISBN 978-90-04-25257-8.
  • Martindale, John R.; Jones, A. H. M.; Morris, J. (1992). The Prosopography of the Later Roman Empire IIIa. Cambridge University Press. pp. 181–224. ISBN 0-521-20160-8. 
  • Lord Mahon, The Life of Belisarius, 1848. Reprinted 2006 (unabridged with editorial comments) Evolution Publishing, ISBN 1-889758-67-1
  • Lord Mahon, The Life of Belisarius Arkivert 2006-05-12 ved Wayback Machine., J. Murray, 1829. With a new critical introduction and further reading by Jon Coulston. Westholme Publishing, 2005. ISBN 1-59416-019-8
  • Ancient Warfare magazine, Vol. IV, Issue 3 (Jun/Jul, 2010), was devoted to "Justinian's fireman: Belisarius and the Byzantine empire", with articles by Sidney Dean, Duncan B. Campbell, Ian Hughes, Ross Cowan, Raffaele D'Amato, and Christopher Lillington-Martin.