Bengalsk nyttår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyttårsopptog i Dhaka.
Foto: Nilfoy
Ansiktsmåling under høgtida.
Foto: Abdullah Al Mamun

Bengalsk nyttår markerer byrjinga av den bengalske kalenderen og blir feira i Bangladesh og indiske Vest-Bengal, der han begge stader er offentleg høgtidsdag, og av bengalarar verda over. Feiringa blir kalla nôbobôrsjo (bengali নববর্ষ ), som tyder ‘nyttår’, eller poila boisjakh (bengali পহেলা বৈশাখ), ‘første dagen av boisjakh’. I Bangladesh er kalenderen lagt fast slik at nyårsfeiringa alltid fell på 14. april. Andre stader kan dagen falla på 14. eller 15. april. Feiringa er svært viktig for bengalarar, og kan stå for ei ny byrjing og nytt håp om glede, rikdom og velvære.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Folk samlar seg under bengalsk nyttår.
Foto: Kazi Tahsin Agaz

Den bengalske kalenderen blei laga av astronomen Fatehullah Shirazi under mogulkeisaren Akbar for å sameina den lunisolare kalenderen bøndene følgde i Bengal med den muslimske månekalenderen. Den muslimske kalenderen til herskarane gjorde at det ofte blei kravd inn skattar utanfor innhaustingstidene, på tidspunkt då bøndene ikkje hadde mykje å bidra med. Den nye bengalske kalenderen la fast nyttåret, og skatteinnkrevjinga, til midten av april, som i den hinduiske kalenderen.

Den nye kalenderen blei innført frå 10/11. mars 1584, men tok utgangspunkt i kroninga av Akbar 28 år tidlegare, i 1556. Frå då av heitte det nye året bôngabdo, 'bengaliåret'. Den siste dagen i den siste månaden, tsjoitro, blei brukt til å betala skattar og avdrag. Dagen etter pleidde landeigarar å gje søtsaker som gjenytingar. I tillegg pleide kjøpmenn å avslutta reknskapsbøkene sine og opna ei ny ei i samband med nyttåret. Dei kunne også be kundar på søtsaker og fornya handelsavtalane sine med dei. Heile dagen kunne brukast til underhalding og festlege samkomer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Feiringa har ein særskild plass i bangladeshisk historie. Under kampen for sjølvstende frå [Vest]-Pakistan blei dikta til Tagore eit viktig symbol, og blei forbodne av dei pakistanske styresmaktene. Under bengalsk nyttår i 1965 protesterte kulturgrupper Chhayanat mot dette ved å framføra Tagore sin song til den nye månaden i Ramnaparken i Dhaka. Gruppa har halde tradisjonen med å synga «Esho, he Boishakh, Esho Esho» ('Kom, å boisjakh, kom, kom') under eit banyantre i parken også etter at Bangladesh fekk sjølvstende.

Høgtida i dag[endre | endre wikiteksten]

Danseførestilling i Dhaka under høgtida.
Foto: Kazi Agaz

Nyttårsfeiringa blir markert med nyvaska hus og folk, som gjerne byrjar dagen med eit bad, og nye klede. Ein kler seg gjerne i tradisjonelle bengalske drakter: Kvinner i kvite sariar med raude border, menn i dhuti (bengalsk sarong) eller padjama (bukser) og kurta (lang skjorte/kjortel).

Det er vanleg å samla seg under eit stort tre eller på breidd av ein sjø for å sjå sola stå opp. Ofte et ein tradisjonell mat til frukost, som panta bhat (oppbløytt ris) og steikt hilsafisk med grøne chiliar og lauk.

Dagen blir sett på som lukkebringande for vigslar. Mange handelsfolk, særleg gullsmedar, held på tradisjonen med å invitera kundar til å fornya handelsavtalane sine med dei. Hinduar held gjerne podjaer, seremoniar, der ein til dømes signar dei nye reknskapsbøkene med mantraer og svastikateikningar. I Kolkata er det vanleg å vitja Kalighat-tempelet, der det blir lange køar.

Stor fuglemodell i eit opptog.
Foto: Nilfoy

I heile Bengal markerer ein dagen med marknader, tivoli og framsyningar, til dømes skodespel som Laily-Majnu, Yusuf-Zulekha eller Radha-Krishna, eller dokketeater. Nokre gamle aktivitetar, som drageflyging i Dhaka, eller okseløp i Munshiganj, var fargerike hendingar som no er heilt eller delvis borte. Derimot er andre tradisjonelle tilstellingar framleis utbreidde, som bali (bryting) i Chittagong eller gambhira (eit slags syngespel) i Rajshahi. Det er også kome til nye tradisjonar, som Boisjakhi-opptoget arrangert av kunstinstituttet ved Universitetet i Dhaka frå midten av 1980-taølet.

Også i London arrangerer det store bengalske samfunnet ein Baishakhi Mela i samband med nyttårsfeiringa, men som regel noko seinare (andre helga i mai) for å minska sjansen for regn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bengalsk nyttår