Erik Solheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om politikaren Erik Solheim. For miljøvernaren og lektoren, sjå Erik Solheim (1947-).
Erik Solheim
Erik Solheim.jpg
Fødd 18. januar 1955
Oslo
Erik Solheim på Commons

Erik Solheim (fødd 18. januar 1955 i Oslo) er ein norsk diplomat og tidlegare politikar for SV. Han er leiar for miljøprogrammet til SN og assisterande generalsekretær i SN frå 2016.[1]

17. oktober 2005 vart han utnemnd til statsråd i Regjeringa Stoltenberg II med ansvar for utviklingssaker (utviklingsminister). Hausten 2007 fekk han òg ansvaret for Miljøverndepartementet. Han gjekk av som minister i 2012.

Solheim er utdanna cand.mag. med faga historie og sosiologi.

Han var leiar i Sosialistisk Ungdom i åra 1977–1980, partisekretær i SV frå 1981 til 1985, og leiar for SV i perioden 1987–1997. Han var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag i perioden 1989–1993, og frå Oslo i perioden 1993–2001. Den personlege rådgjevaren til Solheim då han var SV-leiar og stortingsrepresentant var i fleire år Thor Gjermund Eriksen, som seinare vart redaktør i Dagbladet. Som SV-leiar etterfølgde han Theo Koritzinsky, og vart sjølv etterfølgd av Kristin Halvorsen.

Frå våren 2000 hadde han permisjon frå Stortinget for å vere spesialrådgjevar for det norske UtanriksdepartementetSri Lanka. Målet var å arbeide fram ein fredsavtale mellom styresmaktene i landet og LTTE. Vararepresentanten hans i utanrikskomitéen på Stortinget var i denne perioden Lisbet Rugtvedt.

Solheim har vore valobservatør i Russland, Georgia, Kviterussland og Ukraina. I tillegg til engasjement for fred og konfliktløysing har Solheim alltid vore svært oppteken av miljøspørsmål, og han var mellom anna med på SN sin miljøkonferanse i Rio i 1992. I utviklingspolitikken har han, i tillegg til fred og miljø, vore oppteken av kvinner og likestilling, samt olje- og energispørsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tore Gjerstad (2016-05-02). Erik Solheim blir FN-topp. Dagens næringsliv. Vitja 2017-07-13.
Spire Denne politikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.