Kirsti Bergstø
Kirsti Bergstø | |
![]() | |
Fødd | 1. juli 1981 (41 år) Rana |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Sosialistisk Venstreparti |
Yrke | politikar, barnevernspedagog |
Kirsti Bergstø (fødd 1. juli 1981) er ein norsk politikar (SV) og tidlegare statssekretær frå Nesseby kommune i Finnmark.
Ho var leiar av Sosialistisk Ungdom (SU) frå 2006 til 2008. Bergstø har røynsle frå Finnmark SU, og har vore politisk nestleiar i Elevorganisasjonen. Ho har sete seks åra i sentralstyret i SU, ein periode som ÒG-medlem, ein periode som fagleg leiar og ein periode som leiar.
Bergstø bur i Alta og var 1. kandidat i Finnmark for Sosialistisk Venstreparti ved Stortingsvalet 2009. Ho var statsekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet,[1] men gjekk av frå denne stillinga 5. mars 2012 i kjølvatnet av at Audun Lysbakken gjekk av som statsråd.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kirsti Bergstø» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1981
- Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II
- Statssekretærar frå SV
- Leiarar i Sosialistisk Ungdom
- Stortingsrepresentantar for Finnmark
- Stortingsrepresentantar for Akershus
- Stortingsrepresentantar frå SV
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Folk frå Nesseby