Demokratiske Sosialistar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Demokratiske Sosialistar var eit tidlegare politisk parti i Noreg. Det vart danna i 1973. Det fulle namnet var Demokratiske Sosialistar AIK. AIK stod for «Arbeiderbevegelsens informasjonskomité mot norsk medlemskap i EF», som bestod av medlemmer i Det norske Arbeidarpartiet som var mot norsk medlemskap i det som no heiter EU, den Europeiske Unionen. Fleirtalet i AIK braut ut av Arbeidarpartiet i 1972, under striden framfor den første folkeavstemminga om norsk EU-medlemskap.

Demokratiske Sosialistar AIK deltok i stortingsvalet i 1973 som ein del av Sosialistisk Valforbund, saman med SF, NKP og uavhengige sosialistar. DS AIK tok så del i prosessen for å omgjera valforbundet til eitt politisk parti, som da det vart skipa i 1975 fekk namnet Sosialistisk Venstreparti. DS AIK vart oppløyst i 1976, til liks med SF, som avtala i samlingsprosessen. Fleirtalet i NKP ville likevel ikkje vera med, og dette partiet heldt fram som eige parti utanfor SV.

Demokratiske Sosialistar AIK spela ei viktig rolle i samlingsprosessen som førte fram til skipinga av valforbundet og partiet SV. Utan at desse nei-folka frå DNA hadde brote ut og deltatt i prosessen, ville truleg verken valforbundet eller eit samla venstresosialistisk parti vorte ein realitet, for motsetningane mellom SF og NKP var for store til at eit tosidig samarbeid hadde komme på tale.

Da DS AIK vart danna, vart stortingsrepresentant Berit Ås vald til leiar. Ho vart med det den første kvinnelege partileiaren i norsk historie. Ho vart òg den første leiaren i det samla SV.

Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg