Bjørn Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1937
Stavanger kommune
Død

6. februar 1966 (28 år)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956

Bjørn Hervik Nilsen (15. juni 19376. februar 1966) var ein norsk friidrettsutøvar frå Stavanger som åra 1956-58 vann fem NM-gull på sprintdistansane 100 m og 200 meter. Nilsen, som var medlem av IL Skjalg, forbetra dei norske rekordane på både 100 og 200 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Både i 1955 og 1956 tangerte Nilsen den norske rekorden på 200 meter, lydande på 21,5 sekundar, ein rekord sett av Haakon Tranberg i 1939. Den 30. juli 1956 sprang Nilsen inn til rekordtida 21,3 på Bislett stadion i Oslo. Ei veke seinare, den 5. august 1956 i Trondheim, tangerte han norsk rekord på 100 meter med 10,4 sekundar.

Den 23. mai 1957 forbetra Nilsen noregsrekorden på 100 eter til 10,3 sekundar under eit stemne på Vestbana i Stavanger. Seinare sommaren 1957 tangerte han sin eigen 200-metersrekord to gongar, før Carl Fredrik Bunæs gjorde det same. 26. juni 1958 flytta Nilsen den norske rekorden på 200 meter til 21,2 på Krohnsminde i Bergen, og tangerte rekordtida fem dagar seinare i Sandnes. Den 8. august 1958 forbetra han rekorden på distansen til 21,1 sekundar på Bislett stadion. Seinare i same sesongen vart han nummer to på 400 meter i ein landskamp i Oslo, tida 47,6 var hans beste på distansen og 0,2 sekund bak Audun Boysen sin noregsrekord.

Nilsen deltok i EM i friidrett 1958 i Stockholm. Han vart utslått i semifinalane både på 100 og 200 meter, etter å ha vorte tredjemann i sitt heat i begge tilfella. På 100 meter enda han på delt niandeplass med tida 10,8, medan han på 200 meter vart nummer sju på tida 21,5, best av dei som ikkje kvalifiserte seg til finalen. Åra 1956-58 vann han fem gullmedaljar i noregsmeisterskapen, tre strake på 100 m og to på 200 m. Han slutta tevla etter 1960-sesongen.

Nilsen døydde av kreft i 1966, etter å ha fullført tannlegestudiet i Tyskland.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1955: Sølvmedalje på 200 m – 22,2, bak Birger Marsteen (22,0)
  • 1956: Gullmedaljar på 100 m – 10,5 og 200 m – 21,6
  • 1957: Gulllmedalje på 100 m – 10,6, sølvmedalje på 200 m – 22,0 (bak Carl Fredrik Bunæs 21,3)
  • 1958: Gulllmedaljar på 100 m – 10,7 og 200 m – 21,5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]