Bjoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjoa
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Vindafjord
Folketal 500 (2017)
Postnummer 5584 Bjoa
Innbyggjarnamn Bjoabu
Preposisjon Bjoa

Bjoa er eit sokn i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke, med 504 innbyggjarar (2013). Bjoa er geografisk inndelt i krinsane Utbjoa, Innbjoa og Hauge. Frå Utbjoa går riksveg 543 søraustovertil Ølensvåg, fylkesveg 734 sørover til Skjold og ferja Utbjoa-Sydnes-Fjelbergøy-Borgundøy(-Skersholmane) nordaustover.

Bjoastrand sokn vart oppretta i 1903 ved utskiljing av Bjoastrand kapelldistrikt frå Fjelberg sokn, det vile seie den del av soknet som låg sør for Bjoafjorden. Då hade Bjoastrand om lag 500 innbyggjarar. Soknet vart utvida i 1916 ved overføring av Hauge krins frå Ølen sokn. I 1954 vart namnet forkorta til Bjoa sokn. Då Ølen kommune vart flytta frå Hordaland til Rogaland fylke i 2002 hadde det til følgje at Bjoa sokn samstundes vart flytta frå Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedømme til Nordre Ryfylke prosti (frå 2013 Haugaland prosti) i Stavanger bispedømme.

Namnet Bjoa kjem frå norrønt Bjóðr som tyder fat eller disk[1] . Bjoalandet ligg som ei hellande flate ned mot Bjoafjorden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei rekke kartlagte kulturminne, mellom anna helleristingar og gravhaugar frå bronsealderen, tufter etter båtbyggeri frå vikingtida, nausttufter frå mellomalderen, kolerakyrkjegard, bygdeborg. Bautastein vart reist på Kjørebøhaugen, Utbjoa i 1914 som markering av 100-årsjubileet for grunnlovssamlingaEidsvoll og dei frå Bjoa som deltok i krigen 1807-1814.

Garden Eikås på Dalsbruket ovanfor Innbjoa var kvarter for agenten Arquebus, som opererte ein viktig radiosentral med samband til England under Andre verdskrigen.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Hovudsakleg landbruk, ein god del maskinentreprenørar og mekanisk verksemd i tillegg til varierande industri i mindre skala. Hundepensjonat med betydeleg kursverksemd. Stor distributør og importør av arbeidshanskar og -klede.

Reiseliv og aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Stor utleigeaktivitet om sommaren, spesielt til tyske turistar. Besøksgard med sal av eigenprodusert godteri, urter og demonstrasjon av tradisjonell gardsdrift. Ølbryggjarlag med tradisjonell brygging i eldhus. Blåbærhage med mange ulike sortar bær. Gardsutsal med økologiske jordbær og bringebær. Lokalbutikken Buo med pub og marknadshall på tradisjonsrike Innbjoa kai.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]