Blåhovudparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåhovudparakitt
Blåhovudparakitt i Mato Grosso, Brasil
Blåhovudparakitt i Mato Grosso, Brasil
Utbreiing
Utbreiinga av Blåhovudparakitt
Utbreiinga av Blåhovudparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Thectocercus
Art: Blåhovudparakitt T. acuticaudatus
Vitskapleg namn
Thectocercus acuticaudatus

Blåhovudparakitt (Thectocercus acuticaudatus) er ein neotropisk papegøye som lever i tørre habitat innanfor tre separate utbreiingsområde i Sør-Amerika. Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert arten som livskraftig trass i at ein trur bestanden minkar på grunn av tap av habitat og internasjonal burfuglhandel.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Blåhovudparakitten vart formelt skildra første gongen i 1844 av den franske ornitologen Louis Pierre Vieillot. Han laga det binomiale namnet Psittacus acuticaudatus og spesifiserte typelokaliteten som Paraguay.[1] I 1912 skildra Ridgway Thectocercus som ny slekt med denne arten.[2] Thectocercus er frå gresk, acuticaudatus er frå latinsk, begge namna referer til «spiss hale».[3] I ein perioden var blåhovudparakitten plassert i Aratinga. Frå ca. 2013 vart Thectocercus igjen tatt i bruk som ei monotypisk slekt for arten.[4]

Det er anerkjent fem underartar av blåhovudparakitt:[5]

  • T. a. koenigi (Arndt, 1995), nordre Venezuela og nordaustre Colombia
  • T. a. neoxenus (Cory, 1909), Øya Margarita, Venezuela
  • T. a. haemorrhous (Spix, 1824), indre, nordaustre Brasil
  • T. a. neumanni (Blake & Traylor, 1947), austre Bolivia
  • T. a. acuticaudatus (Vieillot, 1818), austre Bolivia og sørlege Brasil til nordlege Argentina og vestre Uruguay, dekker heile Paraguay

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blåhovudparakitt i Poconé, Mato Grosso, Brasil
Foto: Bernard Dupont

Blåhovudparakitten er ein stor papegøye som måler omtrent 34-37 cm i lengd og veg mellom 160 og 200 gram. Dei er hovudsakleg grøne, med matt blå farge på panna, krona, kinna og øyredekkarar. Blåfarga er mest framtredande i nominatunderarten i sør. Ein ring av fjørlaus hud rundt kvart auge er generelt kvit. Brystfjørene kan også ha blått fargeskjær, sjølv om dei oftare er grøne til gulgrøne. Farga på lukka venger er reint grønt, medan utslåtte venger viser blåbrunt til kastanje på dei ytre svingfjørene. Halefjørene er grøne på oversida, raudbrune til raudbrune på undersida, iriserande til lys oransje og skarlagenraud under fullspektra lys. Beina er rosabrune med gråbrune klør. Overkjeven er hornfarga, avsmalande til ein nåleskarp, gråsvart spiss. Hos sørlege og vestlege underartar er underkjeven hornfarga hos ungfuglar, men endrast mot gråsvart med åra. Dei resterande austlege, sentrale og nordlege underartane held den hornfarga underkjeven gjennom livet.

Habitatet til arten er på tøre, opne savannar, i kaktuskratt og galleriskog, Brasil i cerrado. Her lever dei av frø, kaktusfrukt, bær, nøtter og mango. Blåhovudparakittar finn føda i lågtliggande område, men i Bolivia lever neumanni 1500–2650 moh. Dei kan gjere skade på jordbruksavlingar av mais og durra.[1]

Som andre neotropiske papegøyar er denne arten ein holerugar og blåhovudparakittar legg dei kvite egga i reir i eit holt tre. Det er vanlegvis to til fem egg i kullet. Hoa rugar på egga i 23 dagar, og ungane flyg frå reiret omtrent 50 dagar etter klekking.[1]

Blåhovudparakittar kan flytte seg i flokkar på 8-50 individ, nokre gongar opptil 200 fuglar i flokk frå beiteområde tilbake til overnattingsplass kvar kveld.[6] Dei gjer òg andre uregelmessinge streif eller fugletrekk, påverka av hekketid eller tilgang på føde.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Collar, N., P. F. D. Boesman, og C. J. Sharpe (2020). Blue-crowned Parakeet (Thectocercus acuticaudatus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bucpar.01
  2. Ridgway, Robert (1912). «Diagnoses of some new genera of American birds» (PDF). Proceedings of the Biological Society of Washington. 
  3. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 384]. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. Remsen, J.V. Jr.; Schirtzinger, E.E.; Ferraroni, A.; Silveira, L.F.; Wright, T.F. (2013). «DNA-sequence data require revision of the parrot genus Aratinga (Aves: Psittacidae)». Zootaxa 3641 (3): 296–300. PMID 26287088. doi:10.11646/zootaxa.3641.3.9. 
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta nn. desember 2023. 
  6. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. s. 339. ISBN 0713664185. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Blåhovudparakitt