Bo Breigan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bo Henrik Breigan (fødd 17. desember 1958) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Fredrikstad. Han vart norsk meister på 800 meter i 1977 og 1983, på 400 meter hekk i 1980, 1989 og 1990 og på 400 meter i 1985. Breigan var medlem i Fredikstad IF til 1985, sidan representerte han etter tur IK Tjalve, Eidsvåg IL, TIF Minerva og Sportsklubben Vidar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Breigan spurta inn til gullmedalje på 800 meter i NM 1977 etter eit løp i lågt tempo. Nokre veker etter meisterskapen gjorde han personbeste med 1.50,3. Sesongen etter forbetra han den personlege rekorden til 1.49,5 under ein landskamp i Barcelona. I 1979 flytta han rekorden sin på distansen til 1.49,21, same året som han sette personleg rekord på 400 meter med 47,78 sekund. 18. juli 1979 sette Breigan norsk rekord på 400 meter hekk med 51,71 sekund elektronisk måling, Jan Gulbrandsen si manuelle rekordtid frå 1964 var på 51,5 sekund. 30. juli 1980 forbetra Breigan hekkerekorden til 51,21 sekund i København. Få veker etter vann han NM-gull på langhekken og sølv på 400 m.

I juni 1981 flytta Breigan dei personlege rekordane på 400 m og 800 m til 47,56 og 1.47,35, begge tidene årsbeste i Noreg. Sommaren 1983 vart han norsk meister på 800 m i Trondheim. Han deltok VM i friidrett 1983 der han vart slått ut i kvalifiseringa, tida 1.49,53 heldt til 40. plass. Om hausten sette han personbeste på 400 m med 47,43 sekund då han sigra i eit stemne i Stockholm.

I mai 1984 var Breigan nær ved å forbetre noregsrekorden på 400 m hekk då han vart klokka inn til 51,23 på Bislett stadion i Oslo. Seinare i same sesongen kom Petter Hesselberg til å slette noregsrekorden i øvinga. Sjølv forbetra Breigan sin personlege rekord på 400 m til 47,17, årsbeste i Noreg.

Breigan sprang to 800-meterar i juni 1985 og gjorde personbeste i begge løpa. Fyrst til 1.47,12 og veka etter til 1.46,21. Han vart norsk meister på 400 m, før han 28. august 1985 i Koblenz presterte sitt livs beste 800 m på tida 1.46,08, mindre enn to tidels sekund bak Audun Boysen sin då 30 år gamle noregsrekord. Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart vart Breigan slått ut i kvalifiseringa på 800 m med 23. beste tid, 1.49,78.

I 1988 enda Breigan opp med to sølvmedaljar i noregsmeisterskapen. Dei neste to åra vart han noregsmeister på langhekken, i 1989 med sterke 51,25 sekund. Under NM i friidrett 1991 tok han sitt sjette NM-sølv, tidlegare hadde han vunne seks NM-gull og ei einsleg bronsemedalje.

Breigan deltok i 23 av Noregs landskampar i friidrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]