Bodil Aakre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bodil Aakre
Fødd7. september 1922
Oslo
Død8. november 2008 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat, dommar
Alle verv

Bodil Aakre (7. september 19228. november 2008) var ein norsk jurist og politikar frå Oslo. I tida 1965-73 representerte ho Nordland fylke og partiet HøgreStortinget. Aakre har vorte tillagd mykje av æra for at Brønnøysundregistra vart lagd til Brønnøysund.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Aakre var fødd i dåverande Kristiania, som dotter av ein næringsdrivar. Ho vart student i 1942 og tok cand.jur.-eksamen i 1948. Frå 1948 til 1957 arbeidde ho som jurist i Hammerfest og Alta. I 1957 vart ho tilsett som juridisk rådgjevar for Nordland Landbruksselskap.

Ved stortingsvalet i september 1965 vart ho vald til stortingsrepresentant for Høgre i Nordland. I den fyrste fireårsbolken var ho medlem av Administrasjonskomiteen. Etter at ho vart attvald i 1969 sat ho den fyrste stortingssesjonen i Kyrkje- og undervisningskomiteen, dei tre siste sesjonane var ho medlem av Justiskomiteen. Heile den siste stortingsperioden var ho medlem av den mindre viktige Valkomiteen.

Aakre var så sorenskrivar i Brønnøysund frå 1973 til ho vart pensjonert i 1988. Valperioden 1976-79 var ho i tillegg ordførar i Brønnøy kommune. Frå 1980 til 1988 var ho leiar av Lausøyreregisteret.

I 2002 vart Aakre heidra med ei byste utanfor hovudinngangen til Brønnøysundregistra.

Aakre busette seg i Benidorm i Spania i 1991, der ho også døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]