Nick of Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nick of Time
Studioalbum av Bonnie Raitt
Utgjeve 21. mars 1989
Innspelt 1988
Studio Ocean Way Recording, Capitol Studios, Hollywood Sound og The Record Plant.
Sjanger Americana, rock, bluesrock
Lengd 42:31
Selskap Capitol
Produsent Don Was
Bonnie Raitt-kronologi
Nine Lives
(1986)
Nick of Time Luck of the Draw
(1991)


Nick of Time er det tiande studioalbumet til den amerikanske songaren Bonnie Raitt, gjeve ut 21. mars 1989. Det var det første albumet til Raitt på Capitol Records. Albumet vart eit kommersielt gjennombrot etter at Raitt hadde slite i årevis både personleg og profesjonelt, og enda opp med å toppe Billboard 200-lista med eit sal på fem millionar eksemplar. Det vann tre Grammyprisar, inkludert årets album. I 2003 rangerte Rolling Stone albumet på 230. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[1] Albumet er òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I 1983 vart Bonnie Raitt droppa frå Warner Bros. Records fordi dei to siste albuma hennar, The Glow (1979) og Green Light (1982), hadde seld for dårleg. Avgerjsla kom berre ein dag etter ho var ferdig med det som skulle bli albumet Tongue in Groove.[2] To år seinare avslutta Raitt forholdet med produsenten Rob Fraboni og ho måtte oppløyse bandet sitt, sidan ho ikkje lenger hadde råd til å betale dei.[3] I tillegg til dette sleit Raitt med alkohol- og dopmisbruk. I 1986 annonserte Warner Bros., som framleis hadde rettane til Tongue in Groove, at dei ville gje ut albumet. Raitt meinte dette var urettferdig sidan ho ikkje lenger var knytta til dei. Warner Brothers tillet då Raitt å kome attende i studio og gjere nokre endringar på albumet, som så fekk namnet Nine Lives.[4] Albumet selde derimot skuffande. Raitt sleit med depresjon og byrja å leve eit utsvevande liv.[4]

Etter utgjevinga av Nine Lives, drog Raitt på turné. Prince var fan av Raitt og såg konserten hennar i Beverly Theater i Los Angeles. Han tilbaud seinare Raitt ein platekontrakt på sitt eige selskap, Paisley Park Records.[5] Raitt gjekk i starten med på dette, men vart utsette for ei skiulukke og låg på sjukehus i to månader.[6] Skaden gav ho tid til å tenkje over livsvala sine. Ho sa: «Det verkar som eg hadde behov for nokre endringar. Eg såg på meg sjølv og syntest ikkje eg var den beste versjonen av meg sjølv. Eg kunne ikkje skulde på nokon andre enn meg sjølv.» Raitt gjekk på møte med Anonyme alkoholikarar, og enda misbruka sine.[7]

Raitt hadde framleis økonomiske problem. Ho og Paisley Park Records kom ikkje til ei semje. Raitt var òg uroa over at Paisley Park-utgjevingane vart distribuerte og delvis marknadsførte av Warner Bros. Records, som nettopp hadde droppa ho. Forhandlingane med Paisley Park fall saman. Utan nok pengar til eit eige band til å akkompagnere seg, spelte Raitt ei rekkje akustiske konsertar for å halde seg flytande.[8] Det var på denne tida Raitt møtte musikaren Don Was frå bandet Was (Not Was). Dei samarbeidde på eit album med barnemusikk i 1988. Trass i det enkle materialet Raitt spelte inn for dette albumet, likte ho særs godt å arbeide med Was, og ønskte å arbeide med han igjen.[6] Det vart vanskeleg å få ny platekontrakt, sidan mange meinte at Raitt ikkje var kommersiell nok. Ein av dei to managerane til Raitt, Danny Golberg, sa at minst fjorten platesjefar takk nei til ho før Tim Devine i Capitol Records synte interesse. I 1988 signerte Capitol kontrakt med Raitt for eit forskot på 150 000 USD, og Raitt kravde at Don Was skulle produsere albumet.[9]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Nick of Time inneheld både glatte og diskrete rockesongar.[9] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv: «Ho rockar aldri særskild hart, men det er spenst i synginga og spelinga hennar, sjølv når overflata er rein og innbydande.»[10] Nick of Time består av mange sjangrar, som bluesrock, country, R&B og pop.[9] Då Was vart annonert som produset, lurte somme lyttarar på om han kom til å gje albumet ein funkrock-stil, slik han gjorde med Was (Not Was).[11] Was valte i staden å gå for ein tilbakelent bluesstil som Raitt hadde utvikla tidleg i karrieren sin. I følgje Raitt: «Det er mindre produksjon, mindre glattheit. I røynda eit steg attende til røtene mine.»[12]

Før Raitt signerte med Capitol Records, spelte ho og Was inn nokre demoar i heimestudioet til Was. Desse innspelingane fokuserte på enkel musikk, liknande dei akustiske konsertane til Raitt. Was ønskte å syne det musikalske talentet hennar ved å velje ut songar som fungerte utan akkompagnement.[9] Desse demoane vart spelte inn skikkeleg i løpet av ei veke i Ocean Way Recording i Los Angeles i førebuinga av albumutgjevinga. Fordi dei alt hadde arbeidd på songane gjekk innspelinga forholdsvis kjapt. Kring to songar vart spelte inn kvar dag.[9] Det meste av musikken vart spelte inn live i studio, i staden for at kvart instrument vart spelt inn individuelt.[13]

Mange av songane omhandlar personlege problem Raitt sleit med på denne tida.[14] Til dømes var Raitt nesten 40 år gammal då Nick of Time kom ut, og tittelsporet handlar om å nå denne alderen.[9] I følgje biografiforfattaren Mark Bego, søkte Raitt å lage eit album for babyboomer-generasjonen.[12] Raitt skreiv to originale songar for albumet, medan dei andre ni var coversongar med eit overhengande tema om vaksen alder og visdom.[15]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Nick of Time kom ut 21. mars 1989. Capitol Records gjorde ikkje så mykje for å marknadsføre albumet i starten, så Tim Devine bad direktøren for selskapet om løyve til å ta ut heilsidesannonser i musikkmagasin.[9] Nick of Time vart etter kvart ein stor suksess og selde over fem millionar eksemplar i USA aleine, og vart raskt det bestseljande albumet til Raitt fram til då.[16] Oppfølgjaren Luck of the Draw, gjeve ut i 1991, vart ein enno større suksess og selde sju millionar eksemplar i USA.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[10]
Chicago Tribune3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[17]
Entertainment WeeklyA[18]
Los Angeles Times3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[19]
Robert ChristgauB[11]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[20]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[21]

I 2003 vart albumet rangert på 230. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[1] Det hadde den same plasseringa på lista frå 2012, men var flytta ned til 492. plassen på Topp 500-lista som Rolling Stone publiserte i 2020.

Albumet er òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[22] Det vart stemd til 615. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[23]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Nick of Time»Bonnie Raitt3:52
2.«Thing Called Love»John Hiatt3:52
3.«Love Letter»Bonnie Hayes4:04
4.«Cry on My Shoulder»Michael Ruff3:44
5.«Real Man»Jerry Lynn Williams4:27
6.«Nobody's Girl»Larry John McNally3:14
7.«Have a Heart»Bonnie Hayes4:50
8.«Too Soon to Tell»Rory Michael Bourke, Mike Reid3:45
9.«I Will Not Be Denied»Jerry Lynn Williams4:55
10.«I Ain't Gonna Let You Break My Heart Again»David Lasley, Julie Lasley2:38
11.«The Road's My Middle Name»Bonnie Raitt3:31
Total lengd:42:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989-1990) Plassering
Tyskland (GfK Entertainment Charts)[24] 68
Nederlandske album (MegaCharts)[25] 65
US Billboard 200[26] 1

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[27] 3× Platina 300 000^
USA (RIAA)[28] 5× Platina 5 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Grammyprisen 1990

År Vinnar Kategori
1989 Nick of Time Årets album
Beste kvinnelege rockesong
«Nick of Time» Beste kvinnelege popsong

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 31. mai 2012. Henta 3. oktober 2020. 
  2. Bego 1995, s. 112.
  3. Bego 1995, s. 114.
  4. 4,0 4,1 Bego 1995, s. 119.
  5. Bego 1995, s. 123.
  6. 6,0 6,1 Harrington, Richard (13. juni 1989). «Bonnie Raitt, High and Dry». The Washington Post. Henta 3. oktober 2020. 
  7. Bego 1995, s. 124-126.
  8. Bego 1995, s. 131.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 Weiner, Natalie (21. mars 2019). «30 Years of 'Nick of Time': How Bonnie Raitt's 'Underdog Record' Swept the Grammys & Saved Her Career». Billboard. Henta 3. oktober 2020. 
  10. 10,0 10,1 Erlewine, Stephen Thomas (n.d.). «Bonnie Raitt - Nickof Time». AllMusic. Henta 3. oktober 2020. 
  11. 11,0 11,1 Christgau, Robert (n.d.). «Robert Christgau: CG: bonnie raitt». robertchristgau.com. Henta 3. oktober 2020. 
  12. 12,0 12,1 Bego 1995, s. 136.
  13. Jennings, Steve (1. april 2011). «Classic Tracks: Bonnie Raitt's 'Thing Called Love'». Mix. Henta 3. oktober 2020. 
  14. Bego 1995, s. 134.
  15. Giles, Jeff (21. mars 2015). «30 Years Ago: Bonnie Raitt Rebounds With 'Nick of Time'». Ultimate Classic Rock. Henta 3. oktober 2020. 
  16. Bego 1995, s. 142.
  17. Silverman, David (20. april 1989). «Bonnie RaittNick Of Time (Capitol)». Chicago Tribune. Henta 3. oktober 2020. 
  18. Gordon, Robert (23. august 1991). «Bonnie Raitt on the record». Entertainment Weekly. Henta 3. oktober 2020. 
  19. Lewis, Randy (30. april 1989). «Singing for Adults Lonely». Los Angeles Times. Henta 3. oktober 2020. 
  20. Goodman, Fred (20. april 1989). «Nick Of Time». Rolling Stone. Henta 3. oktober 2020. 
  21. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  22. Robert Dimery; Michael Lydon (2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2. 
  23. Larkin, Colin (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 204. ISBN 0-7535-0493-6. 
  24. «Bonnie Raitt - Nick of Time» (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 3. oktober 2020. 
  25. "Bonnie Raitt – Nick of Time". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 3. oktober 2020.
  26. "Bonnie Raitt Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bonnie Raitt. Prometheus Global Media. Henta 3. oktober 2020.
  27. «Canadian album salstrofé – Bonnie Raitt – Nick of Time». Music Canada. Henta 4. februar 2017. 
  28. «American album salstrofé – Bonnie Raitt – Nick of Time». Recording Industry Association of America. Henta 4. februar 2017.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH