Give It Up av Bonnie Raitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Give It Up
Studioalbum av Bonnie Raitt
Utgjeve September 1972
Innspelt Juni 1972
Studio Bearsville Studios i New York
Sjanger
Lengd 36:04
Selskap Warner Bros.
Produsent Michael Cuscuna
Bonnie Raitt-kronologi
Bonnie Raitt
(1971)
Give It Up Takin' My Time
(1973)


Give It Up er det andre studioalbumet til den amerikanske musikaren Bonnie Raitt, utgjeve i 1972 på Warner Bros. Records. Give It Up er ei blanding av forskjellige sjangrar, som folk, blues, R&B og softrock. Sju av ti spor på albumet er coverversjonar og songane er anten rolege, sentimentale balladar eller kjappe folkrocksongar.[1][2] Tekstane på Give It Up baserer seg på feminiteten til Raitt, forholda hennar og korleis ho er komfortabel med seg sjølv.[2] Raitt spelte inn albumet i Bearsville Studios med produsenten Michael Cuscuna.

Give It Up var det første albumet til Raitt som gjekk inn på Billboard Top LPs & Tapes-lista, der det nådde 138. plassen. Plata fekk god kritikk då det kom ut og dei rosa både vokalen og den musikalske dugleiken på albumet. Nyare meldingar har òg vore positive og somme kritikarar har kalla Give It Up eit album som står fram i diskografien til Raitt. I 2012 rangerte Rolling Stone Give It Up på 495. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det var derimot ikkje med på den reviderte lista til Rolling Stone frå 2020.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Give It Up vart spelt inn i juni 1972 i Bearsville Studios i New York med produsenten Michael Cuscuna.[3] Somme av dei kjappare songane er akkompagnerte av blåsarar, som vert spelt i New Orleans brassband-stil. Denne stilen kan ein høyre på opningssporet «Give It Up or Let Me Go». Han byrjar med ein akustisk gitar, men glir så over til eksplosive lyden av brassbandet, som minner om Dixieland-musikk.[1] Det er mange gjestemusikarar på Give It Up, dei fleste frå området kring Woodstock i New York. Blant desse var den framtidige politikaren John Hall, multi-instrumentalisten Freebo og bluessongaren Paul Butterfield.[3] Totalt sett har Give It Up ein glattare og meir polert lyd enn føregangaren Bonnie Raitt.[3]

Raitt skreiv tre songar for albumet.[4] Dei andre sju songane er coversongar av musikarar som Chris Smither, Jackson Browne og Joel Zoss.[2][5] I følgje biografiforfattaren Mark Bego høyrest Raitt meir sjølvsikker ut når ho syng på dette albumet samanlikna med debutplata.[3] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv: «Raitt kan vere jordnær og sexy, men ho balanserer med ein innbydande sensualitet som gjer at plata skin».[6] Raitt sjølv kritiserte seinare vokalen og sa: «Eg høyrest ut som Mikke Mus[7]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[6]
Christgau's Record GuideA[8]
Entertainment WeeklyB+[1]
MusicHound Rock3.5/5[9]
The New Rolling Stone Record Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[10]

Give It Up kom ut i september 1972 på Warner Bros. Records.[6] Det selde forholdsvis godt og var det første albumet til Raitt som gjekk inn på Billboard Top LPs & Tapes-lista, der det nådde 138. plassen.[7][11] Det selde til gullplate i USA i 1985 for 500 000 selde eksemplar.[12] Songen «Too Long at the Fair» vart sendt til radiostasjonar, men gjekk ikkje inn på nokre av musikklistene.[13]

Give It Up fekk positive meldingar då det kom ut. Ein kritikar for magasinet Billboard skreiv: «Bonnie Raitt er her med det andre albumet sitt for selskapet og det bør bli eit stort etit. Den unike vokalen og gitarstilen hennar på 'Stayed[sic] Too Long at the Fair' og tittelsporet bør gjere salet godt.»[14] Record World skildra Give It Up som «eit eksepsjonelt forsøk. Songutvalet, frå dei sjølvskrivne songane til ein fantastisk Jackson Browne-melodi, er glimrande og musikaliteten og produksjonen kunne knapt vore betre.»[15] Rolling Stone-kritikaren Jon Landau rosa òg albumet og skreiv at «det beste med Bonnie Raitt er synginga hennar, og det beste med Give It Up er at ho syng flott frå start til slutt, og med det handterer ho med suksess langt fleire stilartar enn ho hadde på det første albumet sitt og har produsert ei meir interessant og tilfredsstillande plate i prosessen.» Landau trekte fram dei tre originale songane og kalla «Love Has no Pride» den perfekte oppsummeringa av den musikalske dugleiken til Raitt.[16]

Seinare meldingar har òg vore positive. I The New Rolling Stone Record Guide skriv kritikaren Bart Testa: «Give It Up er nærast å perfeksjonere tilnærminga hennar. Ho blandar bluessongane sine med eit utval av moderne og folk-baserte songar, og kjem med klassikarar som 'Been Too Long at the Fair' og Eric Kaz sin 'Love Has No Pride'.»[10] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv korleis songarar som Sheryl Crow og Shelby Lynne truleg var inspirerte av Give It Up, og skildra det som «ei av dei beste Southern California-platene.»[6] I ei melding for Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981), roste Robert Christgau modenheita og intelligensen til Raitt i både spelestilen og i tekstane hennar.[8] Christgau rangerte seinare Give It Up på 31. plassen på lista si over dei beste albuma frå 1970-åra.[17]

I 2012 rangerte Rolling Stone Give It Up på 495. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene og kalla det «herleg, folk-aktig blues».[18]. Albumet var ikkje med på lista deira over dei 500 beste albuma i 2020.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Give It Up or Let Me Go»Bonnie Raitt4:28
2.«Nothing Seems to Matter»Bonnie Raitt4:04
3.«I Know»Barbara George3:40
4.«If You Gotta Make a Fool of Somebody»Rudy Clark2:54
5.«Love Me Like a Man»Chris Smither3:10
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Too Long at the Fair»Joel Zoss2:54
2.«Under the Falling Sky»Jackson Browne3:38
3.«You Got to Know How»Sippie Wallace, Jack Viertel3:32
4.«You Told Me Baby»Bonnie Raitt4:01
5.«Love Has No Pride»Eric Kaz, Libby Titus3:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget.[19]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Bonnie Raitt  – solovokal, steelgitar (1, 3), akustisk gitar (2, 4-8, 10), korvokal (3, 7), 12-strengsgitar (6), elektrisk rytmegitar (9), akustisk piano (10)
  • Jack Viertel  – steelgitar (1)
  • T.J. Tindall  – elektrisk gitar (3, 7)
  • Kal David  – elektrisk gitar (4)
  • Lou Terriciano  – akustisk piano (1, 8)
  • Mark Jordan  – akustisk piano (3), vibrafon (3), elektrisk piano (7)
  • Merl Saunders  – akustisk piano (4)
  • Dave Holland  – akustisk bass (1, 2, 8)
  • Chris Parker  – trommer (1, 4, 8)
  • Wells Kelly  – congas (2, 3, 9), trommer (3, 6, 7, 9), kubjølle (3, 7), korvokal (3)
  • Dennis Whitted  – trommer (5)
  • Eric Kaz  – vibrafon (2), akustisk piano (6), horn arrangement (9)
  • Peter Ecklund  – kornett (1, 3)
  • Amos Garrett  – trombone (1)
  • Freebo  – tuba (1), 12-strengs rytmegitar (2), bandlaus bass (3-7, 9, 10), korvokal (3)
  • John Payne  – tenorsaksofon (2), klarinett (8), sopransaksofon (9), sax solo (9)
  • Marty Grebb  – tenorsaksofon (4), altsaksofon (9)
  • Terry Eaton  – tenorsaksofon (9)
  • Gene Boris Stashuk  – cello (6)
  • Paul Butterfield  – munnspel (7)
  • John Hall  – korvokal (3), elektrisk gitar (6, 9), steelgitar (9)
  • Jackie Lomax  – korvokal (3)
  • Tim Moore  – korvokal (7)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent, notat i plateomslaget  – Michael Cuscuna
  • Lydteknikar  – Kendall Pacios
  • Remiksing  – Nick Jameson and Kendall Pacios
  • Mastering  – Lee Hulko
  • Kunstnarisk leiar  – Ed Thrasher
  • Fotografi  – Michael Dobo

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
US Billboard 200[11] 138

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[12] Gull 500 000^
Oppsummering

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gordon, Robert (23. august 1991). «Bonnie Raitt on the record». Entertainment Weekly. Henta 27. september 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Bonnie Raitt – Give It Up». No Depression. 1. mai 2002. Henta 27. september 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Bego 1995, s. 40.
  4. Alterman, Loraine (10. desember 1972). «Bonnie Branches Out». The New York Times. s. D32. 
  5. Lee, Peter (2004). The Blues Encyclopedia. Taylor & Francis. s. 805. ISBN 978-1-1359-5832-9. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Erlewine, Stephen Thomas (n.d.). «Bonnie Raitt - Give It Up». AllMusic. Henta 27. september 2020. 
  7. 7,0 7,1 Bego 1995, s. 43.
  8. 8,0 8,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 27. september 2020. 
  9. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2 utg.). Visible Ink Press. s. 918. ISBN 978-1-5785-9061-2. 
  10. 10,0 10,1 Testa, Bart (1983). Marsh, Dave; Swenson, John, red. The New Rolling Stone Record Guide. Random House/Rolling Stone Press. s. 410. ISBN 978-0-3947-2107-1. 
  11. 11,0 11,1 "Bonnie Raitt Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bonnie Raitt. Prometheus Global Media. Henta 6. april 2020.
  12. 12,0 12,1 «American album salstrofé – Bonnie Raitt – Give It Up». Recording Industry Association of America. Henta 6. april 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  13. «Happy 45th: Bonnie Raitt, Give It Up». Rhino Entertainment. 25. september 2017. Henta 27. september 2020. 
  14. «Album Reviews». Billboard 84 (43a): 62. 21. oktober 1972. 
  15. «Hits of the Week». Record World 27 (1318): 1. 23. september 1972. 
  16. Landau, Jon (26. oktober 1972). «Give It Up». Rolling Stone. Henta 27. september 2020. 
  17. Christgau, Robert (17. desember 1979). «Decade Personal Best: '70s». The Village Voice. Henta 6. desember 2019. 
  18. Wenner, Jann S., ed. (2012). Rolling Stone – Special Collectors Issue – The 500 Greatest Albums of All Time. USA: Wenner Media Specials. ISBN 978-7-09-893419-6
  19. Give It Up (liner notes). Bonnie Raitt. Warner Bros. Records. 1972.